Hopp til innhold

Nye evakueringsgrenser for Åknes-bølgja

Endra grense for kor høgt innbyggarane må evakuere når det farlege raset frå Åkneset i Stranda går, skaper forvirring og uro.

Nye evakerungsgrenser for Åkneset

Nasjonale retningsliner for evakuering ved fjellras og flodbølgje er inkludert i beredskapen for Åknes-raset.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Innbyggarane på Hellesylt og dei andre stadane langs Storfjorden som er truga av fjellraset og den store flodbølgja frå Åkneset, må evakuerast enno høgare opp i terrenget enn det som er fastsett tidlegare. Det er klart etter at styresmaktene har innført nasjonale retningsliner ved slike hendingar.

– Skjerpa grenser for evakuering betyr altså ikkje at situasjonen har blitt farlegare, seier fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal.

Men det betyr at tryggingssona for evakueringar blir utvida med eit tillegg på 60 prosent. For Hellesylt, der flogbølgja i verste fall blir rundt 85 meter høg, betyr det at alle må evakuerast vel 130 meter opp i terrenget.

Ketil Matvik Folldal

Beredskapsøvingar danna grunnlag for nasjonale retningsliner som skal brukast ved fjellras og flodbølgjer, stadfestar fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal,

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Øvingar gav nye retningsliner

I 2007 og 2008 blei fleire øvingar gjennomførte for å teste beredskapen rundt fjellskred og flodbølgje-problematikken knytt til det lause fjellpartiet på Åkneset i Storfjorden.

Med på øvingane var både politi, kommunar, NVE, Åknes/Tafjord Beredskap, teleselskap og andre beredskapsinstansar.

– Etter øvingane blei det sett i gang eit arbeid for å få utarbeidde nasjonale retningsliner for korleis ein skal etablere beredskap rundt slike hendingar. Saman med politi og kommunar har vi vurdert tryggleiksmarginane, seier Matvik Foldal.

Grensene for evakuering er no sett slik at styresmaktene skal vere heilt sikre på at rette område blir evakuerte, og at innbyggarane er trygge når bølgja kjem.

Campingplassen på Helelsylt

På Hellesylt kan bølga kome til å slå 85 meter opp i landskapet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Stoler på varslinga

Delar av fjellet Åkneset er i stadig rørsle og vil ein eller annan gong rase ut i fjorden og skape ei kjempebølge som vil slå opp langs strendene i 10 kommunar i Møre og Romsdal, og ramme fleire tusen innbyggarar.

Men på Hellesylt som truleg blir verst ramma, er folk trygge på at den omfattande overvakinga i fjellet vil virke slik at dei blir varsla og evakuerte i god tid før raset kjem.

– Vi bur på den tryggaste plassen av alle, seier fleire innbyggarar på Hellesylt til NRK.

Ole Ringdal

Ole Ringdal driv slakteriet på Hellesylt og bur sjølv i sentrum. Han søv trygt og godt, og stoler på at alle blir evakuerte på beste måte viss ras-alarmen går.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Søv godt

Bedriftsleiar Ole Ringdal meiner alle vil halde seg til dei nye retningslinene frå politiet.

– Eg søv roleg og trygt kvar einaste natt utan større bekymringar, seier han.

Ringdal er sikker på at alle skal greie å kome seg trygt opp i bakkane dersom bølgja kjem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL