Nye delentreprisar sende ut
Helse Møre og Romsdal er godt i gang med å lyse ut nye delentreprisar slik at bygginga av det nye akuttsjukehuset på Hjelset kan kome i gang. Dei fem første entreprisane er sende ut og prosjektstyret ventar på responsen frå desse. Planen er å sette spaden i jorda tidleg i juni.