Ny optimisme ved Vard Aukra

Dei permitterte medarbeidarane ved Vard Aukra får tilbake jobbane i løpet av mars neste år. Det opplyser leiinga til Romsdals Budstikke. Omlag halvparten av dei 95 tilsette er no utan jobb. Selskapet har hatt vanskelege år på grunn av offshorenedgangen, men har no mellom anna sikra seg seg kontrakt om å utvikle sju nye trålarar som skal til Island.