NRK Meny

Ny frist for Rausand-deponi

Miljødirektoratet har sett ein ny og absolutt frist for bedrifta Bergmesteren Rausand AS til å avslutte arbeidet med å dekke til og fylle opp masse rundt Deponi 1 på Rausand. Fristen for å rydde opp er sett til 1. oktober neste år. Blir fristen broten, kjem direktoratet til å krevje inn tvangsmulkt på vel 1,2 millionar kroner frå bedrifta.