Hopp til innhold

Klor kan redde norske elvar

Heilt sidan 1975 har gyroparasitten plaga norske elver. No gjer uventa forskingsfunn at problemet kan vere løyst.

Anders Gjøwad Hagen

TESTAR MED KLOR: Anders Gjørwad Hagen, forskingsleiar ved Norsk institutt for vassforsking, er glad for at dei har fått ein god start på forsøket med å rydde ut gyro med klor. Hagen har vore med på forsøka i Batnfjordelva på Nordmøre dei to siste vekene.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg brukar å uttale meg forsiktig, men du kan i alle fall seie at klor kan bidra til å redde norske elvar, seier Kjetil Olstad, forskar ved NINA – Norsk institutt for naturforsking.

Frå før av finst det to metodar å fjerne lakseparasitten gyro – gyrodactylus salaris – frå elvane på. Ein kan anten nytte gifta rotenon, eller ein kan bruke den såkalla aluminiumsmetoden.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

DØD LAKS: Laks angripe av parasitten gyrodactylus salaris.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

– Drep ikkje fisken

Den tredje metoden kan altså bli å nytte klor.

Eit forskingsprosjekt i Batnfjordelva på Nordmøre dei siste to vekene har nemleg gitt oppløftande resultat.

– Dette ser veldig lovande ut. Vi kan ikkje seie noko anna. Det kan bli eit nytt verktøy for oss å jobbe med, seier Olstad til NRK.

For den store fordelen med klor er at det ikkje skadar andre enn parasitten, verken fisk eller botndyr. Til ei samanlikning drep rotenon alt liv med gjellar.

Kjetil Olstad, NINA

HÅPER KLOR ER REDNINGA: Det er for tidleg å kome med ein endeleg konklusjon, men Kjetil Olstad, forskar ved Norsk institutt for naturforsking, er godt nøgd med forsøka med klor så langt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sju elvar igjen

Gyro kom først til Norge i 1975. Ifølgje NINA skjedde det då infisert laksefisk frå Sverige vart sett ut i norske elvar, innsjøar eller fiskeproduksjonsanlegg i ferskvatn. Deretter spreidde parasitten seg vidare til lakseungar i 50 norske elvar.

Anne Kristin Jørandli

SENIORRÅDGJEVAR VED MILJØDIREKTORATET: Anne Kristin Jørandli.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Heilt frå starten av 80-talet har det blitt gjort forsøk på å utrydde parasitten med kjemiske behandlingar. Det har vore mange tilbakeslag i den prosessen, men dei siste 10–15 åra har forskarane endeleg sett resultat.

I dag er det igjen gyro i sju norske elvar, tre i Drammen-regionen og fire i Driva-regionen – det vil seie på Nordmøre og i Trøndelag.

Jon Ivar Eikeland

FAGSJEF VED FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL: Jon Ivar Eikeland.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og no håper alle at klormetoden skal kunne gjere også desse elvane frie for gyro.

– Vi har to metodar for å rydde ut gyro, ein metode med rotenon og aluminiumsmetoden. Klor kan gi oss eit tredje verktøy. Det ville ha vore både verdifullt og interessant, seier Anne Kristin Jørandli, seniorrådgjevar ved Miljødirektoratet.

Ho får støtte frå Jon Ivar Eikeland, fagsjef ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

– Metoden som gjer at fisken overlever er klart å føretrekkje.

– Ein god start

Gyrodactylus salaris

LAKSEDREPAR: Gyrodactylus salaris.

Foto: Kjetil Opstad

Ein endeleg konklusjon på kor suksessfull klormetoden kan bli er enno ikkje klar. Men forskingsprosjektet på Nordmøre dei to siste vekene har gitt svært gode resultat.

– Verktøyet er ikkje ferdig utvikla enno. Vi har fleire undersøkingar som må gjerast dei neste åra. Men vi har fått ein god start, seier Anders Gjørwad Hagen, forskingsleiar ved NIVA – Norsk institutt for vassforsking.

Ifølgje Hagen held det med ei teskei per 5000 liter vatn for å utrydde gyro frå elevane.

– Det er same mengde som i drikkevatnet i Oslo. Og det er nok til å drepe denne parasitten, forklarer forskingsleiaren.

Anders Gjørwad Hagen, forskingsleiar, NIVA, Norsk institutt for vannforskning

I AKSJON VED BATNFJORDELVA: Forskingsleiar Anders Gjørwad Hagen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK