Hopp til innhold

Ny ferjekai i Volda

Statens vegvesen har skrive kontrakt med K. Nordang AS for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner. – Vi har hatt samhandling med entreprenøren og dei vil starte med forberedane arbeid fyste veka i mai, fortel prosjektleiar Olav Megrund. Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden, men det blir færre oppstillingsplassar. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Da skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet, melder Statens vegvesen.

Ny ferjekai i Volda
Foto: Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL