Hopp til innhold
Ferje i Volda
Foto: Geir Løvbugt

Ferjestrekninga Volda-Folkestad

Oppsummert

Dette er ei ferjstrekning som kryssar Voldsfjorden. Ferjestrekninga var tidlegare ein del av E39.

  • Ny ferjekai i Volda

    Statens vegvesen har skrive kontrakt med K. Nordang AS for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner. – Vi har hatt samhandling med entreprenøren og dei vil starte med forberedane arbeid fyste veka i mai, fortel prosjektleiar Olav Megrund. Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden, men det blir færre oppstillingsplassar. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Da skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet, melder Statens vegvesen.

    Ny ferjekai i Volda
    Foto: Statens vegvesen
  • Kontrakter truleg til Norled

    Vegvesenet har innstilt Norled som vinnar av anbodskonkurransen om ferjedrift i sambanda Volda - Folkestad og Festøya -Solavågen. Oppdraget gjeld frå 2020 til 2029 og har ein verdi på vel 1,5 milliardar kroner. På sambanda skal det gå tre elektriske og ei hybridferje. Fire reiarlag var med i anbodskonkurransen.

    Festøy ferjekai
    Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK