Store underskot
Klevset Mekaniske verksted blei slått konkurs i førre veke, og det skjedde etter at bedrifta har gått med store underskot dei siste åra.
30 tilsette mista arbeidet i konkursen, men no er det altså tent eit lite håp for arbeidsplassane, sjølv om mykje er usikkert.
Lokale investorar
-Vi har fått signal om at det er lokale investorar som er interessert i å få i gang bedrifta på ny, og det synest vi sjølvsagt er veldig positivt, seier bustyrar Asbjørn Røvik.
Dei lokale investorane ønskjer å utgreie grunnlaget for ny drift og korleis ei overtaking skal finansierast.
Seriøse
Bustyrar Asbjørn Røvik kan ikkje seie noko om kven som ønskjer å starte opp igjen bedrifta, men dei er absolutt seriøse, hevdar han.
I løpet av neste veke blir det avgjort om det blir ny oppstart, men investorane har gjort det klart at bedrifta kjem tilbake med færre tilsette enn før.