Torolf Elster i Molde i 1978. Foto: Romsdals Budstikke
Lokalkontoret vart tatt i bruk sommaren 1978 og offisielt opna av kringkastingssjef Torolf Elster 20. oktober.
Den dagen var det eit skikkeleg ruskever og toreskrall i Molde, og ifølgje Elster passa det bra.
Storm
- Det skal stå storm om kringkastinga, sa han, og minte i den samanheng spøkefullt om at Molde ikkje berre ligg midt mellom havet og dalen, men også midt mellom Nordmøre og Sunnmøre.
Først i Storgata
NRK-kontoret fekk lokale i Storgata 50 midt i byen. Den første medarbeidaren der var programsekretær Ove Lervik.
Han er frå Aukra og kom til Molde frå ei tilsvarande stilling ved NRKs distriktskontor i Ålesund.
Andremann var moldensaren Gunnar Sandvik som også vart rekruttert frå hovudredaksjonen.
Flytta til Havnegata
Sidan 1996 har Molde-kontoret halde til i Havnegata 12 ved hurtigrutekaia.
Redaksjonen der er utstyrt for både radio- og fjernsynsproduksjon. Og medan det lenge var berre éin NRK-medarbeidar i Molde, er den faste staben no på fem journalistar og fotografar.
Før lokalkontoret vart opna i 1978, var NRK i Molde representert med kontaktmedarbeidarar som jobba frilans for kringkastinga. Blant dei var Otto Chr. Sættem jr., Leif Evensen, Per Amdam, Eiliv Birkeland og Olaus Brunvoll.