NRK Meny

Nørve gir seg på Stortinget

Elisabeth Røbekk Nørve har sagt nei til attval som stortingsrepresentant for Høgre. Nørve blei vald inn som stortingsrepresentant første gang i 2001, men mista plassen i 2005. Ho kom inn igjen som fast representant i desember 2007, og har tilsaman 14 år som stortingsrepresentant bak seg. Nørve som er 65 år, har og representert Høgre i bystyret i Ålesund og fylkestinget i Møre og Romsdal.

Elisabeth Røbekk Nørve
Foto: Terje / NRK