Tap av kompetanse
Årsaka er at Forskingsrådet ikkje har utlyst pengar til forsking på økologisk landbruk, samtidig er det færre øyremerka midlar i jordbruksavtalen.
Dagleg leiar Einar Lund i NORSØK, fryktar dette kan bety at verdifull kompetanse forsvinn.
- Vi har varsla at det kan vere fare for pemitteringar, og i verste fall oppseiingar, men i første omgang så avventar vi situasjonen, seier Lund.
Kuttar støtta
Økologisk jordbruk skulle vere eit satsingsområde her i landet, men no kuttar regjeringa i støtta til dei store økologiske institusjonane.
I avisa Nastonen i dag kjem det fram at kutta kan gjere store skadar på den økologiske jordbrukssatsinga i Noreg. Som leiar for forskarinstitusjonen NORSØK i Tingvoll, fryktar Einar Lund at kutta kan øydeleggje mykje.
Noreg har som mål at ti prosent av jordbruket skal vere økologisk innan 2010.
I dag er talet berre fire prosent og Lund trur kutta i støtta vil gjere det vanskeleg å stimulere til meir økologisk landbruk.