Ivar Ulvestad:
Norske postkort: kulturhistorie og samleobjekter

Ivar Ulvestad. Foto: Odd Sørås
”Kortenes bildehistorie er en historie om Norge,” seier forfattaren Ivar Ulvestad i innleiinga til boka. Ei bok som fortel om dei som teikna og fotograferte, men først og fremst om motiva dei laga bilete av, korleis postkorta har avspegla si tids norske samfunn og kva rolle postkorta har spela i dei godt og vel hundre åra dei har vore i bruk her i landet. Det er også blitt ei bok med mange gode råd for dei som samlar postkort eller som har lyst til å bli samlarar.
Høyr Ivar Ulvestad fortelje om postkort og postkortsamling i samtale med Odd Sørås i NRK Møre og Romsdal, formiddagssendinga 5. oktober:

Wilhelm Larsens første norske julekort frå 1883
Julekorta og dei gode teiknarane
Mange gode og kjende norske kunstnarar har sett signaturen sin på julekort. Endåtil vår kanskje største teiknar Erik Werenskiold har teikna julekort med to nissar som tek ryggtak medan to andre ser på.

Thorolf Holmboe var ein av våre store kortteiknarar.
Kunstnarar frå vår eiga tid som Kjell Aukrust og Thorbjørn Egner har også laga vakre julekort. Men ingen av dei var storprodusentar, der er Andreas Bloch den fremste med over 500 forskjellige teikningar, tett følgd av Thorolf Holmboe med over 400. Også mange andre gode teiknarar har sett sitt preg på norsk julekorthistorie, og Ivar Ulvestad seier at dei utgjevarane som hadde dei beste teiknarane, også gjorde best forretning på korta sine.

Gondro Elind, også ein av dei mest produktive kortteiknarane. Det var han som måla biletet som blei kjent som "Elg i solnedgang," og elgar teikna han ofte.

Eit typisk 1905-kort med W. K. Christie frå 1814 og Christian Michelsen frå 1905 i seglet.
Det finst også andre typar teikna kort, og i jubileumsåret for unionsoppløysinga er det artig å sjå den flaumen av politiske postkort som blei utgitt i 1905, både teikna og fotograferte.
Fotokort
Fotokorta er ein viktig del av historia om fotografering i Noreg. Boka gir innblikk i motivtypane og kven det var som tok dei fotografia vi finn på postkorta. Her er små, poengterte portrett av nokre av dei mest kjende namna frå norske fotokort, f. eks. Carl Normann som såg så dårleg at han ikkje kunne køyre bil rundt om i landet sjølv, men fotografere kunne han!

Volda kyrkje blir bygd, 1930. Foto: Kornberg
Ivar Ulvestad har som kjernen i si postkortsamling dei få korta som er gjevne ut med bilete frå heimbygda Lauvstad i Volda. Elles har han om lag 1000 kort med bilete frå Volda og resten av Sunnmøre.
Å samle postkort
Gjennom mange år som postkortsamlar har forfattaren gjort mange erfaringar, og dei deler han raust med lesaren. Slik blir boka delvis også ei lærebok for dei som får lyst til å bli samlar. Men først og fremst er dette ei fargerik og morosam bok om eit emne vi alle kjenner til, men som få eller ingen veit meir om enn Ivar Ulvestad.