NRK Meny
Normal

Det gjekk hol på ei tønne

Professor, forfattar og tingvollgjelding Asbjørn Aarnes har snakka og skrive riksmål det meste av livet sitt. Då han på sine gamle dagar blei fast spaltist på nynorsk i vekeavisa Dag og Tid, ”var det som det gjekk hol på ei tunne,” seier han sjølv. No er stubbane frå Dag og Tid blitt bok.

Asbjørn Aarnes
Foto: Odd Sørås / NRK

Høyr ein samtale med Asbjørn Aarnes via lydlenkja til venstre.

 

Ungguten Asbjørn Aarnes frå Vågbøen i Tingvoll gjorde riksmålet til sitt talemål og skriftmål. Som professor i europeisk litteratur har han med stor pregnans og eleganse særleg skrive om fransk dikting og filosofi. Mange bøker har han gitt ut, både som forfattar og redaktør. Men aldri før har han overraska sitt publikum slik han gjer no, i sitt 83. år.

 

Asbjørn Aarnes
Foto: Odd Sørås / NRK

Dag og Tid

Det byrja med at han sende eit innlegg på nynorsk til vekeavisa Dag og Tid. Redaktør Svein Gjerdåker skal seint gløymast for den teften han synte då han bad Aarnes skrive meir. For slik blei ein av riksmålets fine stilistar til ein særmerkt nynorskspaltist. "Det var som det gjekk hol på ei tunne, det taut ut dag og natt og ville ingen ende taka," skriv Aarnes i forordet til boka "Råka av røyndom" - eit utval av stykka frå spalta "Så sant som det er sagt" i Dag og Tid.

Ram nynorsk

"Den ramaste nynorsk" kallar forlaget språket til Aarnes. Og det har rett. Det er ein nynorsk som kan flekkje nevra av bjørk og tine fjordisen i februar. Ein nynorsk som er like råkande anten han gjev att dei beiskaste replikkar frå ein bygdekrangel eller djupe filosoftankar. At Aarnes har hatt god hjelp av dei han dediserer boka til, gjer ikkje prestasjonen dårlegare.

Ny sjanger?

Desse stuttvorne bladstykka liknar ikkje heilt på noko anna eg minnest eg har lese. Aarnes har sin eigen synsvinkel på den røyndomen han skriv om, anten det er linefiske eller litteratur, anten han let oss møte diktarar eller filosofar, nonner eller lensmenn, anten han tek oss med til barndomsbygda eller til eit eksamenslokale på universitetet. Så får vi kalle stykka det vi vil - sjølv brukar Aarnes ord som "stubbar" og "soger" i forordet. Eg kjem til å tenkje på vår gløymde humorist Hans Selands "hikstorier", men Seland laug så det rann av han. Det gjer ikkje Aarnes, men han tek eit visst atterhald når han seier: "Det er som sagde at stubbane er sanne, og ikkje alltid som utsegner om verda."

Ein bør unne seg å bli råka av Asbjørn Aarnes sin røyndom.

Asbjørn Aarnes:
Råka av røyndom
Vidarforlaget 2006
192 sider