Hopp til innhold

Skopussaren i Buenaventura

Skulemannen Arnljot Grimstad i Herøy har ei fortid som sjømann. Den tida har han no skrive bok om.

Arnljot Grimstad

Dei siste åra er det kome fleire bøker der folk som segla i den norske handelsflåten dei første tiåra etter krigen fortel om sjømannslivet sitt. Her i  Møre og Romsdal gav Norilds Forlag i fjor ut boka "Dei gjekk frå folkeskulen og direkte om bord". I år er det Arnljot Grimstad sin tur, med "Skopussaren i Buenaventura" som han har gjeve ut på sitt eige Maritimt forlag.

Miljøteiknar

Den gode læraren har alltid vore ein god forteljar. Ein røynd skulemann som Arnljot Grimstad fornektar seg ikkje i så måte. "Skopussaren" er inga stor og tjukk bok. Likevel gir han oss med raske, sikre strøk mange og fengslande skisser frå eit miljø dei fleste av oss no berre har annanhands kjennskap til og knapt nok det, slik at vi nikkar: - Nettopp slik må det ha vore.

Menneske og lagnader

På 50-talet segla Arnljot Grimstad som motormann - "sotengel", som dei sa. Mange av dei sjøfolka han skriv om, er skildra slik at dei festar seg i minnet:

Motormann Jakobsen som igjen og igjen fortel den sørgjelege livssoga si anten folk vil høyre eller ikkje, om krigen og om "konemor" heime i Bergen.

Finnen Urho som alle kallar Kekkonen, som tygg barberblad og er ein meister i morsealfabetet.

Den gåtefulle frysemaskinisten Torbjørn som skiftar namn til Boas, som forsvinn sporlaust og kjem tilbake, og som veit at han berre skal bli tretti år gammal, for det viser livslinja i handa hans. Korleis gjekk det med han, skal tru?

Og sjølvsagt skopussaren, vesle Pablo i Buenaventura i Colombia, så sterkt handikappa at han må stave seg fram i ei lita trekasse med hjul på. Kva framtid venta han?

Om bord og i land

Grimstad tek oss med i land og får lesaren til å sjå på miljøet i hamnebyane med dei nysgjerrige augene til den tjueåringen han ein gong var. Han skildrar kameratskapen om bord, men også uvennskap og mobbing. Det var eit miljø som kunne ta vare på folk, men som også kunne vere nådelaust.

Uhyggeleg er episoden då kapteinen på "Sinclair" i raseri står over den fulle salongjenta og piskar henne med ein vifteleidning. Vi skjønar litt av sjølivets magi når forfattaren fortel om sjøgutane som etter å ha gått av vakt klokka fire om natta sit nydusja på femmarluka med røyk og kaffi og ser på stjernehimmelen i lag.

 

Arnljot Grimstad:
Skopussaren i Buenaventura: Soger frå dei sju hav
Maritimt forlag, Gurskøy 2006
129 sider

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL