I alt har det kome inn 500 forslag frå heile landet, som altså er blitt til fem nominerte. Kåringa skjer på Hamar i morgon, i den direktesende Idrettsgallaen.
Sjølv var Malmedal svært overraska over å bli nominert då han fekk beskjeden.
– Dette er veldig overraskande. Dette hadde eg ikkje venta. Er det nokon som lurer meg? sa han til NRK i november.
Presenterer kandidatane
Dei fem kandidatane har alle lang fartstid frå frivillig arbeid i idretten. 48-åringen frå Fræna har vore aktiv i sin klubb sidan oppstarten i 1997.
Sjå Dan Børge Akerø presentere kandidatane her: