Hopp til innhold

No vil han kontrollere også dei andre etatane

Kontrollutvalet i Ålesund kjem også til å sjekke også dei andre etatane i kommunen etter Bingsa-saka. Dei ser ikkje bort frå at det kan kome nye avsløringar.

Torgrim Finnes

Torgrim Finnes er leiar i Kontrollutvalet i Ålesund. Han forventar at det ikkje kjem fram endå nye saker, men seier han ikkje kan vere sikker.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er leiaren i Kontrollutvalet, Torgrim Finnes, som fredag ettermiddag seier til NRK at dei no kjem til å kike også dei andre etatane nærare i korta, etter at Bingsa-saka blei kjent.

– Kontrollutvalet er alltid på vakt, vi vil setje i verk nødvendige kontrollar og ettersyn, også av andre etatar, slår han fast.

Bingsa avfallsplass

Bingsa har blitt ein heit potet for Ålesund kommune etter avsløringane våren 2017.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fredag var det møte i Kontrollutvalet i Ålesund kommune, der dei skulle ta opp fleire forhold i Bingsa-saka. Økokrim etterforskar om det har føregått økonomisk kriminalitet ved det kommunale renovasjonsanlegget. Det skal ha vore utstrekt bruk av ulovleg overtid over fleire år, brot på innkjøpslova i millionklassen, og rot i økonomiske forhold. Frå før er ein teamleiar meld til politiet.

Ser ikkje bort frå nye saker

Finnes håper alt er kome for dagen, men seier han ikkje kan vere sikker.

Torgrim Finnes

Leiaren i Kontrollutvalet, Torgrim Finnes, på talarstolen i bystyret tidlegare i sommar.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Eg håper at administrasjonen og kommunen har kontroll, slik at vi ikkje blir klar over nye forhold. Rådmannen har vore streng, saman med kontrollutvalet, og sendt ut tydelege signal på at dette er uakseptabelt. Då forventar vi at det ikkje kjem nye episodar, men heilt sikre kan vi ikkje vere, seier Finnes.

Overraska over nye saker

Dei siste dagane har det ifølgje Sunnmørsposten dukka opp nye saker. I eit notat frå kommunerevisjonen skal det gå fram at det også har vore gjort ulovlege innkjøp frå tre nye aktørar, i tillegg til to-tre tvilstiltfelle. Det likar Finnes dårleg.

– Det er ikkje profesjonelt. Det er overraskande fordi Kontrollutvalet fekk gjennomført ein forvaltningsrapport i 2009–2011 som påpeikte ein del konkrete forhold rundt innkjøpsrutinane til kommunen. Då kunne ein kanskje forvente at alt er på stell, seier Finnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no