Hopp til innhold

– Journalistane kokar suppe på ein spiker

Bystyrerepresentant Edvard Devold (H) i Ålesund kritiserer Sunnmørsposten for den omfattande dekninga av Bingsa-saka. Han meiner journalistane kokar suppe på spiker.

Edvard Devold

Bystyrerepresentant Edvard Devold fann det nødvendig å minne bystyret om å vere stolt av dei tilsette. Han meiner det har blitt alt for mykje negativt fokus på Ålesund kommune etter opprullinga av Bingsa-saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Devold gjekk torsdag kveld på talarstolen i bystyret i Ålesund og sa at det var trist å bla opp Sunnmørsposten for tida. Lokalavisa har stått i fremste rekkje med å avsløre korrupsjonssaka som mellom anna omfattar 24 millionar kroner og privat arbeid hos ein teamleiar.

– Det er nok. Denne saka har vore tilstrekkeleg omtalt, det kjem fram lite nytt, men ein held fram å grave og kokar suppe på ein spikar, seier Devold.

Bingsa renovasjonsanlegg, Ålesund

Bingsa Renovasjonsanlegg i Ålesund

Foto: Terje Reite / NRK

Innlegget kom etter at Torgrim Finnes i kontrollutvalet hadde gjort greie for kva dei har funne ut om Bingsa-saka.

Les også:

Korrupsjonsmistankar og millionbeløp

Journalistar i bystyret

Også torsdag kveld var journalistane til stades då kontrollutvalet orienterte bystyret om Bingsa-saka. Frå venstre: redaktør i Nytt i Uka, Øyvind Johan Heggstad, og journalistane i Sunnmørsposten, Sofie Svanes Flem og Hilde Hovik.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var i midten av april at kommunerevisjonen avdekte at selskapet OK Entreprenør hadde fått oppdrag for nesten 24 millionar kroner utan kontrakt eller anbodsrunde. Samtidig hadde selskapet utført arbeid heime hos teamleiaren.

Nyleg melde Ålesund kommune teamleiaren til politiet, mistenkt for korrupsjon, og etterforskinga starta tidlegare denne veka.

Devold strekar under at saka har avdekt avvik, men at desse no er tatt tak i. Han seier det er heilt på sin plass at journalistar skriv om slike saker, men meiner politikarane no bør ta vare på omdømmet til kommunen.

– Eg syns saka målar oss ned i ei grop. Vi har ein stor organisasjon med 3000 tilsette, og det vil skje reglementsbrot, og det skal vi behandle på ein skikkeleg måte. Men no har saka kome ut av alle støvelskaft i forhold til medieomtale og dekking, slår han fast.

Les også:

Rosar Sunnmørsposten for dekkinga

Øyvind Johan Heggstad

Redaktøren i Nytt i Uka, Øyvind Johan Heggstad, rosar Sunnmørsposten for dekkinga deira, og seier det aldri kan bli for mykje medieomtale i slike saker.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Redaktør for Nytt i Uka, tidlegare NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad, har dei siste åra arbeidd mykje med gravande journalistikk. Han er kjend for engasjementet for pressa sin rett til innsyn. Han seier det aldri kan bli for mykje medieomtale i slike saker.

– Sunnmørsposten har gjort ein kjempejobb, og bidratt til å avdekkje kriminelle forhold ved ein kommunal arbeidsplass. Det er pressa si plikt å avsløre og følgje opp. Det som er urovekkjande i saka er at kommunen sine eigne rutinar ikkje avdekte dette mykje før, seier han.

Kjem til å skrive meir

Hanna Relling Berg

Redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten avviser at dei har skrive for mykje om Bingsa-saka, og meiner avisa har gjort ein viktig jobb.

Redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, vil heller ikkje vere med på at saka har fått for mykje omtale.

– Vår oppgåve er å flaumbelyse forhold som er kritikkverdige, og det må vi halde fram med så lenge det er nye moment som må fram i lyset, seier ho.

Relling Berg seier at dei kjem til å skrive meir om Bingsa-saka.

– Vi legg vekt på å få fram viktig informasjon på ein nøktern og sakleg måte, og det vil vi halde fram med å gjere, seier ho.