Hopp til innhold

Stor interesse for Klassequizen

Over tretti skular frå heile fylket ønsker å delta i den store kunnskapskonkurransen Klassequizen på NRK. Første skule skal i aksjon måndag 7. januar.

Vinnerklassene klassequiz 2018

To lag frå Møre og Romsdal går vidare til den store landsfinalen i Klassequizen. I fjor var det Ytre Herøy ungdomsskule og Halsa barne- og ungdomsskule som vann fylkesfinalen i Møre og Romsdal.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

For sjuande gong skal NRK teste kunnskapane til tiendeklassingar over heile Noreg. I år er det ny rekord i talet på påmelde skular. På landsbasis er det totalt 536 skular frå heile landet som deltek.

Ytre Herøy

Ytre Herøy ungdomsskule var eit av laga som gjekk vidare til landsfinalane i fjor.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

I fjor var det Ytre Herøy ungdomsskule og Halsa barne- og ungdomsskule som vann fylkesfinalen i Møre og Romsdal, og tok seg vidare til landsfinalen i Oslo.

I mars er det klart kven som er vinnarane av årets fylkesfinale.

Samlar og engasjerer

Tiandeklassingar frå totalt 34 skular i Møre og Romsdal skal kjempe mot kvarandre i Klassequizen i år. Det er nokre gjengangarar, men også nokre nye skular på deltakarlista.

Halsa

Halsa barne- og ungdomsskule var det andre laget som vann fylkesfinalen i Klassequizen.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Konkurransen startar måndag 7. januar og vil rulle og gå i ettermiddagssendingane til NRK Møre og Romsdal på P1 fram til 21. februar. Denne kan du høyre mellom klokka 14.30 og 15.00.

Charlotte Ervik, distriktsredaktør NRK Møre og Romsdal

Charlotte Ervik, distriktsredaktør i NRK, trur at eit lag frå Møre og Romsdal kan hevde seg i Klassequizen i år.

Foto: REMI SAGEN / NRK

Kvar dag, frå måndag til fredag, skal ein ny skule i aksjon og kvart lag består av tre elevar. Dei får totalt 12 spørsmål, tre spørsmål frå fire ulike kategoriar.

– Klassequizen har blitt ein konkurranse som samlar og engasjerer mange både i vårt fylke og i landet elles, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Charlotte Ervik.

Ho har stor tru på at eit lag her frå fylket vil kunne gjere det bra i årets konkurranse.

– Å høyre engasjementet i dei innleiande rundane er like stas som å sjå deltakarar frå Møre og Romsdal hevde seg i landsfinalen på NRK1, seier Ervik.

To lag går vidare til landsfinalen

Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til ei lokal fylkesfinalen som blir arrangert 13. mars. Her blir det kåra to vinnarar som kvar får 5000 kroner. I tillegg skal dei representere Møre og Romsdal i dei nasjonale finalane i Oslo.

Klassequiz 2018

Programleiar Selda Ekiz skal leie dei nasjonale finalane også i år.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Programleiar Selda Ekiz skal leie elevane gjennom fire delfinalar og ei superfinale som blir sendt på NRK1 fem laurdagskveldar i løpet av april og mai.

Vinnaren av Klassequizen 2019 får også besøk av MP3 og programleiar Martin Holmen, som kjem til å ha ei direktesending frå deira skule.

Tidlegare fylkesvinnarar i Møre og Romsdal:

  • 2018: Ytre Herøy ungdomsskole og Halsa barne- og ungdomsskole.
  • 2017: Haramsøy skule.
  • 2016: Helland skule.
  • 2015: Smøla ungdomsskole.
  • 2014: Halsa barne- og ungdomsskole.
  • 2013: Smøla ungdomsskole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL