Hopp til innhold

No kjem snøen tilbake

Fredag kunne mange vakne til snøkledde vintervegar. Etter ein mild vinter, går det no mot ei kald avslutning på april.

snøkledde veiar

Dette biletet blei sendt av ein lyttar fredag morgon. Tatt på Malmedalen i Fræna.

Foto: Tipsar

Dersom du er ein av dei som allereie hadde skifta til sommardekk eller som håpa på varme vårdagar, blei du truleg skuffa då du vakna i morgontimane fredag.

Fleire stadar i fylket blir det meldt om frost, glatte vegar og snøfall. Frå fredag kveld og gjennom heile helga kan du risikere å vakne opp til snøkledde markar.

– Eg har dessverre dårleg nytt til dei som går og ventar på stigande temperaturar og sommarlege vårdagar. Det blir truleg kvitt fleire stadar i fylket denne helga, seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Glatte vegar

Statens vegvesen gjekk fredag ut og oppmoda bilistane til å ta det roleg på vegane på grunn av vanskelege køyreforhold og glatte vegar.

Med kaldluft frå nord, kan minusgrader og nedbør på nattetid gi sludd og kvit nedbør også i lågtliggande strøk.

Ida Marie Solbrekke

Statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Vervarslinga

– Dei kalde temperaturane skuldast eit lågtrykk som ligg utanfor Trøndelag og Møre og Romsdal. Der skal det ligge heile helga og lage litt trøbbel, seier Solbrekke.

Ho kan melde om periodar med regnbyer, sludd eller snø i indre og høgareliggande strøk.

Nedbør som snø i indre og høgareliggande strok først på dagen laurdag, og snø over 300–500 meter på laurdag ettermiddag.

– Einaste lyspunktet er at det kan vere periodar med sol nokre stadar i fylket. I tillegg blir det mindre vind enn det har vore tidlegare denne veka, seier meteorologen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL