I Sula jublar dei for musikkbinge nummer to. Bingane gir ferske band gode øvingsforhold.
Fritt for nabokonfliktar
Bingen har både bustadhus, bedehus og skule som nære naboar. Men bingen har så god isolasjon, at det skal ikkje bli nabokonfliktar av dette.
– Eg trur at naboane tykkjer dette er heilt flott. Her har det kome eit tiltak for ungdom i nærmiljøet, seier kulturleiar i Sula, Ingunn Krosby.
– Øvingar på dei raraste plassane
Bingen er offisielt opna av ordførar i Sula, Ronny Blomvik. Han kjenner godt til at øvingsforholda ikkje alltid har vore dei beste.
– Her har det vore øvd på dei raraste plassane. Vi har øvd på det gamle skyttarhuset, på Devold-fabrikken og mange andre stader, seier ordførar Ronny Blomvik. Stader som dette har vi mangla i mange, mange år. No har vi to slike bingar. Alt ligg til rette for at vi får ei oppblomstring på rocke-sida, seier han.
Musikkomunen Sula
Det var Ungdomsrådet i Sula som overtok nøklane til musikkbingen. Dette er i ein kommune med sterke musikktradisjonar, som har fostra musikarar i Ytre Suløens Jazzensemble, Brass Brothers, Nils Petter Molvær og mange andre.
– Ja, vi har ganske mange kjende musikarar ute i verda. Vi har jo også Robert Post og mange andre. Her på Sula er det mange som blir inspirerte av desse musikarane, seier Fredrik Winter Ramstad i Sula ungdomsråd.