Hopp til innhold

Her kan dei spele så høgt dei vil

Fredag vart musikkbingen heist på plass ved sidan av Bygdahuset i Balestrand.

Musikkbinge i Balestrand

Den kring åtte tonn tunge musikkbingen vart fredag rulla på plass i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink

Musikkbingen er eit ferdig utstyrt mobilt øvingslokale over 20 kvadratmeter.

- Den er på plass, men vi har førebels ikkje instrument i den. Det vonar vi kjem på plass i løpet av veka, seier ein godt nøgd kulturskulerektor i Balestrand, Kjell Øystein Rutle.

- Stor iver

Musikkbinge i Balestrand

Bingen er 8x4,20 meter i storleik og er har ei lyddemping på 50 dB, og ein etterklang på 0,4 sekund.

Foto: Robert Jan Leerink

Totalt kostar musikkbingen 400 000 kroner. Då Sparebanken Sogn og Fjrodane trappa opp på kommunestyremøtet i oktober i fjor med 100 000 kroner, vart det klart at kommunen ikkje trong leggje ut på sponsorjakt for å samle inn dei siste kronene.

- Bingen trur eg blir veldig viktig. Det er i alle fall stor iver og forventingar både blant elevane i kulturskulen og ungdomen elles. Dette trur eg blir eit veldig godt tilbod som vil bli mykje brukt, vonar Rutle.

Håpar på fleire talent

I dag er det nær 100 elevar i kulturskulen, men skulen har lang venteliste. Bingen blir mellom anna utrusta med komplett songanlegg, keyboard, slagverk og lydanlegg. Rutle vonar den vil generere fleire musikalske talent.

- Vi har veldig mange flinke songarar i kulturskulen, men UKM viste at det også er veldig mange flinke songarar elles i kommunen. Det er mange som ikkje er organisert i kulturskulen, seier han.

Opna om to veker

Bingen, som er mellom dei første i Sogn og Fjordane, er tenkt opna laurdag om to veker - under Balejazz.

- Eg ser føre meg at vi kanskje får på plass både ordførar og sponsorar. Då vil vi opne bingen slik at folk får både sett og prøvd den, seier Rutle.