Hopp til innhold

Endeleg har dei fått musikkbinge

Etter å ha venta lenge, er musikkbingen i Førde endeleg på plass. Det gler unge og talentfulle musikarar.

Sigmund Ness

NYE ØVINGSLOKALE: Sigmund Ness øvar i den nye musikkbingen.

Foto: Lars Listau

Det er Førde kulturskule som har fått på plass bingen som no står ved ungdomssklubben Løa. Det var usemje om kvar den skulle stå, men no er den klar til bruk.

– Supert at vi har fått den

Ein musikkbinge er eit ferdig utstyrt mobilt øvingslokale. Kulturskulen skal bruke den til øvingar på slagverk, bass og gitar. Og sjølvsagt også til band.

16-åringen Sigmund Ness er ein av dei unge som gler seg over det nye tilbodet.

– Vi har venta heilt sidan i fjor på bingen. Det har teke lang tid, men det er supert at den er på plass. Vi føler oss meir sjølvstendige her.

Få øvingslokale

Bassisten har nettopp starta i eit nytt band, som enno ikkje har fått namn. Dei skal bruke musikkbingen som øvingslokale.

– Utanom gamlebanken, der kulturskulen ligg, har det ikkje vore så mange alternativ. Det einaste er i heimane til folk.

Musikkbingen ved Løa i Førde

GLER SEG: Musikarar på veg til øving.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Og han er nøgd med lyden i det nye øvingslokalet.

– Til å vere så lite er lyden veldig bra. Og det er god plass til bandet. Bingen er større inne enn det ser ut til utvendig.

Berre postive tilbakemeldingar

Det er fleire stader i fylket som allereie har musikkbingar. Konstituert rektor ved Førde kulturskule, Trude Skarvatun, er glad for at også Førde no har fått eit slikt øvingslokale.

– Dette er eit positivt tilskot, spesielt til banda. Det er også behageleg for oss som underviser i gamlebanken, for der er det stor lydgjennomgang mellom romma.

Ho fortel at ho berre har fått positive tilbakemeldingar etter at bingen kom på plass.

Protestar mot plasseringa

Men det har teke si tid. Den skulle eigentleg stå ved gamlebanken, der kulturskulen ligg, men det vart protestar på at den skulle stå i den gamle bebyggelsen i Førde. Dermed enda den opp ved ungdomsklubben Løa, like ved ungdomsskulen.

– Vi er nøgde med at den ligg der. No har både lærarar og elevar ved kulturskulen fått eit fantastisk øvingslokale som er godt støydempa. Dermed blir det eit sunt arbeidsmiljø.

Satsar på utleige

Kulturskulen satsar pgså på å leige ut bingen til band som ønskjer ein stad å øve.

– Vi har sendt brev til skulen og vi håper vi når ut med dette.

Musikkbinge i Førde

ENDELEG PLASSERT: Øvingslokalet ligg ved ungdomsklubben Løa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK