NVE varslar flaum både i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Flaumvarselet gjeld for perioden 18. - 20 mars.
Det er varsla nedbør og mildare ver frå torsdag til laurdag. Nedbøren kjem som regn i ytre og lågareliggande strok til å byrje med. Ut over i perioden kjem det til å regne så høgt som opp i 1000 meters høgde.
- No stig temperaturen og dette fører også til at det framleis blir stor skredfare, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule til NRK.
Slik såg det ut på Sjøholt i Møre og Romsdal sist mildveret kom
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen•
•
•
Flaum
Det er fare for lokal flaum som følgje av isgang og oppstuving av is i elvar og bekkar, heiter det i varselet frå NVE. Etter ein lang kuldeperiode er det også tele i bakken og is og snø som tettar rør, slukar og andre avlaupsvegar.
- Saman med snøsmelting kan dette gje raskt aukande vassføring i mindre og lågareliggande vassdrag. Men det er ikkje venta at vassføringa kjem i nærleiken av nivået for middelflaum, heiter det i varslet frå NVE.
Mildveret førte til at is, snø og vatn trengde inn i denne bedrifta på Sjøholt tidlegare i mars.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen•
•
•
Skred og stengde vegar
Det er framleis stor skredfare i fjellstroka i Møre og Romsdal og Nordfjord. Dette var situasjonen i Møre og Romsdal onsdag morgon:
Statens vegvesen har opna desse vegstrekningane:
• Rv 70 Gjøra-Sunndalsøra
• Fv 92 Fjørå-Tafjord
• Fv 91 Eidsdal-Norddal
• Fv 65 Festøy-Standal
Desse vegstrekningane er framleis stengde:
• E39 Ørskogfjellet re
• E136 Måndalen-Våge
• E136 Soggebrua-Bjorli -
• Rv 70 Ålvundfossen-Sunndalsøra, ved Oppdølsstranda
• Fv 40 Folkestad-Dravlaus
• Fv 41 Bueide-Bjørke og Leira-Viddal
• Fv 43 Hundnes-Vatne
• Fv 60 Stranda-Hellesylt
• Fv 63 Eidsdal-Geiranger
• Fv 65 Festøy-Standal
• Fv 173 Gjerde-Berild
• Fv 191 Øverås-Eikesdal
• Fv 311 Hårstad-Tredal bru, ved Tredal
• Fv 312 Driva-Vinnavollbrekka
• Fv 345 Valsøybotn-Lervika
• Fv 651 Høydalen-Staumshamn
• Fv 652 Tilset-Velsvika
• Fv 655 Fivelstad bru-Skylstad