Hopp til innhold

Krev rassikringspengane no

Regjeringa har lovt ein milliard årleg til rassikring. Men pengane har ikkje kome fram til rassikrings-prosjekta. Nasjonal rassikringsgruppe krev at pengane kjem no.

Snøfonn Geiranger

Ei rekkje stader har fonnene gått og sperrar vegane. Dette biletet er teke i Geiranger måndag 15. mars.

Foto: Terje Rusten

Det er i Nasjonal transportplan Regjeringa har sett av ein årleg milliard til rassikring. Men dette forslaget er ikkje fulgt opp når Stortinget har vedteke statsbudsjettet.

- Svært trasig

Rasskringsgruppa er samansett av politikarar frå dei sju mest rasutsette fylka i landet. Berre i Møre og Romsdal er 20 vegstrekningar stengd på grunn av skred. Medlem i rassikringsgruppa, Randi Walderhaug Frisvoll, seier det må kome pengar om folk skal føle seg trygge.

Randi Walderhaug Frisvoll

Randi Walderhaug Frisvoll i Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

- Eg tykkjer det er svært trasig når vi får ein slik ekstremsituasjon med 20 stengde vegar i løpet av eit par dagar. Vi i Nasjonal rassikringsgruppe har arbeidd for å få ein milliard kroner til rassikring kvart einaste år. Dette er vedteke. Men vi får ikkje overført heile summen. Dette er veldig dårleg, seier Walderhaug Frisvoll.

Bilister trosser veisperringer

Erling og Elsa er innestengt

Pengane blir ståande ubrukte

I Møre og Romsdal er mange viktige vegsamband stengt, anten på grunn av ras eller fare for ras.Store delar av fylket har vore meir eller mindre isolert. Også i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har folk fått merke at vinteren i år har ført til mange ras og stengde vegar.

Sunndal skred Fonna-fonna

Denne fonna gjekk på Oppdølsstranda i Sunndal måndag morgon.

Foto: Sissel Almberg

Regjeringa har sagt at dei vil løyve ein milliard kroner til fylka med dei mest rasutsette vegane, men så mykje har ikkje fylka fått.

- Vi skal i alle fall ha den milliarden som er tenkt. Vi må også auke kompetansen som gjeld beredskap og overvaking. Vi har stor forståing for at folk vert redde slik situasjonen er no. Det er difor vi arbeider hardt for å auke løyvingane til rassikring i heile landet, seier Frisvoll.

400 personer klare til å rykke ut

Stengt hovedvei til Østlandet

Timelang venting til ingen nytte

Vurderer rasfaren

Onsdag morgon er det framleis stor skredfare i dei nordvestlege fjellstroka. Mannskap frå Statens vegvesen er i sjutida om morgonen ute for å vurdere om fleire av dei nattestengde vegane kan opnast i morgontimane.

- Det er umogleg å seie noko før mannskapa har vore ute og sett på tilhøva, og har rapportert tilbake, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

Eit tjuetals vegar er stengde. Fleire av desse vert verande stengde i heile dag. Det er framleis uvisst når E136/E39 kan opnast. Det same gjeld Oppdølsstranda i Sunndal.

Ber folk holde seg i ro

Rømer frå rasområde