Klokka 09.00 fjernar vegvesenet bomen på Bjorli, og opnar europavegen for trafikk ned dalen. Når den siste bilen i kolonna har kome ned dalen blir det opna for trafikk opp dalen.
- På denne måten skal bilistane sleppe å treffe møtande trafikk og kan køyre deretter, seier Ivar Hol i Statens vegvesen. Men tilhøva endrar seg fort så dette kan endre seg, seier han.
Ryddar Ørskogfjellet
Klokka åtte kunne Ivar Hol også kome med ei oppløftande melding for dei som skal over Ørskogfjellet. Fjerninga av snømassene som sperrar vegen har teke til.
- Vi har no begynt å rydde i det nederste skredet i Skorgedalen. Men her har det gått fleire skred. Men vi ryddar i det nederste, seier Hol.
Sunndalen open
Riksveg 70, Oppdølsstranda er framleis stengd. Men vegen vidare frå Sunndal, opp Gråura mot Oppdal er no open.
Framleis skredfare
Det er framleis svært stor skredfare i nordvestlege fjellstrok. Temperaturen skal stige, vinden aukar og det skal regne i lågare strok.
Folk må rekne med at det kjem nye ras i løpet av dagen. Det er ikkje venta store nedbørsmengder, men nedbøren kjem som regn.
- No stig temperaturen og dette fører til at det framleis blir stor skredfare, seier statsmeteorolog Tove Kristin Taule.
•
•
Høgare temperatur
Temperaturen stig, og dette fører til at snøkorna glir lettare. Skredfaren er overhengande og med vått nedbør på toppen aukar faren.
- Onsdag morgon ligg det ein front ved Skottland. Denne kjem mot Noreg og slår inn over dei skredutsette områda i ettermiddag. I første omgang ventar vi små nedbørsmengder, men når fronten kjem i ettermiddag blir det sørvestleg frisk bris og meir samanhengande nedbør i form av regn, seier Taule.
•
•
Kjølegare i natt
Temperaturstiginga let vente på seg. Temperaturane steig ikkje så mykje som venta i natt.
- Vi er litt spente på korleis dette blir. Og det er slett ikkje sikkert at alle vegane kan opnast etter natta, seier Hol.
- Ikkje til å spøke med
Tysdag var det fleire bilistar som braut sperringane og køyrde dei stengde vegstrekningane. Ivar Hol åtvarar mot at dette skjer også i dag.
- Sjåførane må tenkje på kva fare dei utset seg sjølve og andre for. Eg trur dei skal stole på dei vurderingane som er gjorde. Dei må hugse på at skredfaren ligg heilt i toppen av skalaen. Dette er ikkje til å spøke med, seier Ivar Hol.