Hopp til innhold

No kan du trene «åleine»

Julegatene er pynta og for mange kjem også førjulsstresset sigande. På mange treningssenter merkar dei godt at folk har mindre tid enn vanleg, og at det er færre folk i rekkene.

Elisabeth Mikalsen trener vekter i studio

Elisabeth Mikalsen er ein av tre som deltar på denne treningstimen i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Trening med instruktør

Mindre besøk gir betre tid til personleg oppfølging, seier instruktør Pauline Holøyen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Treningsinstruktør Pauline Holøyen i Ålesund

Instruktør Pauline Holøyen merkar godt at mange har det travelt i desember.

Foto: Synnøve Hole / NRK
– Er alle klare?

Instruktør Pauline Holøyen lar seg ikkje stoppe av at det er tynt med folk i salen når timen skal starte. Denne torsdagen har berre tre personar funne vegen til timen på treningssenteret Delta Aktiv i Ålesund.

– Vi ser det særleg mot slutten av vekene no i førjulstida, at mange nok har andre ting på timeplanane sine enn å gå på trening, seier ho.

– Det er kanskje julebord eller lange handledagar og slike ting, som gjer at folk ikkje får tatt treningstimen dei elles ville prioritert.

–Kven er det som kjem uansett?

– Det er kanskje dei litt yngre som trenar mykje også elles i året. Dei lar seg ikkje hefte i førjulstida, seier Holøyen.

– Trening er ferskvare

Trener med vekter

Elisabeth Mikalsen løfter vektstonga medan instruktør Pauline Holøyen gir råd.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ho seier det nok er litt annleis å vere instruktør for ei gruppe på tre enn ei større gruppe som fyller salen.

– Det er jo både pluss og minus med det. Det er jo ein fordel at det er god plass og at det blir meir personleg med få. Eg kan følgje opp kvar enkelt meir enn elles. Men så blir det jo sjølvsagt meir gruppekjensle om vi er fleire.

– Men gjer det noko om folk droppar treninga i ein periode før jul?

– Det kan jo vere at det er nettopp når det er hektisk at mange treng å trene for å halde det gåande. Og så er det jo slik at droppar du treninga i ein heil månad, så er det jo tyngre og komme i gang igjen, seier instruktøren, som understrekar at trening er «ferskvare».

– Eit kjent fenomen

Finn-Arve Megard

Finn-Arve Megard stadfestar at mange droppar treninga fram mot jul.

Foto: Privat

Ho får støtte av regionsjef for trening i Stamina, Finn-Arve Megard.

– Dette er ikkje noko nytt fenomen, det har vore slik i alle fall dei siste tjue åra, seier han.

– Vi merkar at mange har lengre arbeidsdagar, i butikkar til dømes, no i førjulstida. Og vi merkar at mange har det travelt med mange aktivitetar. Og då er det gjene slik at dei som ikkje har trening som fremste prioritet, vel å droppe det.

– Men gjer det noko då?

– Vi seier gjerne at det er viktig å halde det jamt og trutt. Vi opplever at mange fell frå ved jul, påske og sommarferie og då er det gjerne tungt å kome i gang igjen, seier Megard.

Han seier det er viktig å gjere «avtalar med seg sjølv » dersom ein skal få til gode treningsvanar.

– Elles er dette gjerne noko som blir nedprioritert når kvardagen blir travel, seier han.

– Prioriterer trening

Helge Rønneberg Mjelva i treningssenter

Helge Rønneberg Mjelva meiner det er særleg viktig å prioritere trening i førjulstida.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Helge Rønneberg Mjelva løfter taktfast vekter. Intervalltrening er noko han set pris på. Han driv butikk og har lange arbeidsdagar før jul, men sluntrar ikkje unna treninga av den grunn.

– Dess meir travelt det er, dess viktigare er det for meg å trene, seier han.

– Det er her eg hentar energien og får ein piff til å halde farta oppe.

Han forståing for at mange har det travelt i førjulstida, men seier han sjølv ikkje har vurdert å kutte treninga.

Mange snakkar om røykesug, for meg er det nærast eit treningssug, eg saknar det om eg ikkje får trent. Eg trur fleire kunne opplevd verdien av å bli motivert av ei trening når ein er sliten og stressa, seier Mjelva.

Så kjem januar....

Når ribba, pinnekjøtet og julesylta er oppetne og det nye året bankar på døra, ser forholda heilt annleis ut på treningssentera.

– Januar er heilt anna historie, seier Holøyen.

– Vi ser at dei som elles ikkje er der, kjem i januar, og då kan det av og til bli for mykje. Det er kjekt at mange kjem, men vi veit jo av erfaring at det går over for mange.


For Mjelva betyr det at han må droppe enkelte treningstimar.

– For å seie dei slik, kontrasten mellom før og etter jul er enorm, og det blir fort stinn brakke. Då er det faktisk slik at eg må velje, og gjerne velje vekk treningar fordi det er for fullt, seier Mjelva.

Også Megard førebur seg på eit større innrykk i januar.

– Då er det mange som skal ta igjen litt av det dei ikkje fekk gjort i desember. Og det er vel gjerne slik med oss menneske at vi treng ein milepæl i form av ein måndag eller eit årsskifte for å kome i gang, seier han.