Hopp til innhold

Dei første bakkane kan opne til helga

Lyden av snøkanonar i minusgrader er som musikk i øyrane til dei skiglade. Dei første skisentera i fylket tar sikte på opning allereie til helga. Vi gir deg oversikta.

Snøproduksjon ved Tusten i Molde

Ved Tusten skiheisar i Molde er åtte snøkanonar i gang døgnet rundt.

Foto: Roar Strøm / NRK

I skiheisa i Tusten i Molde er det uvanleg at snøkanonane går for fullt så tidleg i november. No er åtte viftekanoner i gang med snøproduksjonen døgnet rundt.

–Det ser ut til at vi kan køyre utan stopp heile veka, seier driftsleiar Pål Nakken.

Det er meldt kaldt ver heile veka og målet er å lage ein sole med snø i store delar av anlegget, som kan bli liggande heile sesongen. Dersom alt går etter planen kan skisenteret opne delar av anlegget allereie til helga.

For harde livet

Også på Strandafjellet vert det produsert kunstsnø for harde livet. Kanonane starta allereie på torsdag i det små. Sidan søndag morgon har dei gått for fullt.

– Håpet er å opne barnebakkane i løpet av helga. Vi veit ikkje meir før onsdag og torsdag. Det er mykje som kan skje og vi kan ikkje love noko, seier Stian Græsdal ved Stranda skisenter.

No er det 10–12 minus i skianlegget og det vert produsert nesten 450 kubikk med snø i timen.

Snøproduksjon på Stranda skisenter

Ved Stranda skisenter er håpet å opne barnebakkane i løpet av helga.

Foto: Stian Græsdal

Er i tvil om dei skal opne

Ved Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter i Sykkylven starta dei snøkanonane så smått i slutten av førre veke og sidan søndag har dei gått for fullt.

– Vi har allereie store haugar med snø, men vi har ikkje diskutert kor tid anlegget skal opnast, seier driftsleiar Ole Robert Strømme. Han forklarer at det ikkje er noko problem å lage nok snø til å opne minitrekket og familietrekket, men dei er i tvil om det er lurt å opne så tidleg.

– Dersom mildvêret kjem, er det betre at snøen får ligge i haugane. Vi har også ein del anleggsarbeid, der vi bygg ut snøanlegget, seier Strømme.

Ventar på ekte snø

Rune Støversten

Rune Støversten seier at det er trøbbel med snøkanonane på Overøye og at dei difor ikkje har kome i gang.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

I Sunndal ventar dei på snøen frå himmelen og ikkje frå snøkanonar.

– Vi har ikkje snøkanonar, så vi ventar på den ekte snøen. Så snart den kjem er vi klare, seier Jostein Trædal. Så lenge det er berrfrost, er det ikkje mykje snø som skal til, seier han. For å opne anlegget trengst det ein halvmeter snø.

Har tekniske vanskar

Heller ikkje på Overøye i Stordal er dei gang med snøproduksjon.

– Vi har tekniske vanskar med snøkanonane, men jobbar med det, seier dagleg leiar Rune Støversten. På Overøye blir det ikkje opning dei første vekene, dersom det ikkje kjem natursnø.

Rekordtidleg opning

I Surnadal er snøproduksjonen godt i gang og dei håper på ei rekordtidleg opning av alpinanlegget i Sæterlia.

– Det er jo litt av eit lerret å bleike. Vi har jo eit klima, med fjorden som kjem inn, men vi har trua på at temperaturane skal halde, seier driftsleiar Dag Skei.

Dersom alt går veldig bra med snøproduksjonen, kan det bli opning til helga eller neste helg, trur driftsleiaren. Han er redd for å vere ambisiøs og tvilar på at det blir opning førstkomande helg.

Vare til påske

Frank Harald Velle

Frank Velle tør ikkje love at skisenteret i Ørsta vert opna i løpet av dei første dagane.

Foto: Privat

I Ørsta vart alle kanonane sett i gang måndag. Håpet er at dei skal få produsere snø fram til onsdag.

– Vi må bruke desse anledningane vi har til å lage snø. I fjor kom vi ikkje i gang før i midten av januar. Første prioritet er å lage ein god sole som varer heile vinteren og heilt til påske, seier dagleg leiar ved Ørsta skisenter, Frank Velle.

Han tør ikkje seie noko om kor tid det blir opning og ber folk om å fylgje med på nettsidene til skianlegget.

– Vi hiv oss rundt og opnar dersom vi får nok snø i hovudtraseen og barnetrekket, men vi treng meir enn berre tre dagar. Eg trur ikkje det blir opning i helga, seier Velle.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL