Hopp til innhold

Endeleg går ferja igjen

I dag vart ferjesambandet mellom Årvika – Koparnes opna igjen, etter å ha vore stengt i tre månader på grunn av utbetringsarbeid.

Richard Lunheim, Statens vegvesen

Byggjeleiar Richard Lunheim i Statens vegvesen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arbeidet har kosta 50 millionar kroner og har gitt breiare kaier og større djupne rundt kaia i Årvika.

Veldig fornøgd

Årvika ferjekai

Den nye ferjekaia på Årvika er klar til bruk. No manglar berre ei ny ferje.

Foto: Arne Flatin / NRK

Byggeleiaren for prosjektet, Richard Lunheim, er svært fornøgd med resultatet.

– Byggeperioden har gått heilt etter planen, seier han.

Men for pendlarane har det ikkje vore like greitt desse månadene arbeidet har pågått. All trafikk på sambandet har gått mellom Åram og Larsnes i perioden, og det har ført til at mange har fått lenger reiseveg til og frå jobb.

Vegvesenet sitt arbeid med å ruste opp ferjekaiene held fram. Neste ut er Magerholm. Men det blir ikkje aktuelt å stenge dette sambandet, lovar Lunheim.

– Vi vil byggje ei reserveferjekai på Magerholm, så der vil dei reisande ikkje merke så godt at vi rustar opp, seier han.

Vil ha større ferje

Kart Årvika - Koparneset

I tre månader har ferjesambandet vore stengt.

Foto: Vegvesenet

Ordførarane i Sande og Vanylven, Dag Vaagen (H) og Jan Helgøy (KrF) er også glade for at ferjekaiene no er klare til bruk, men dei slår seg ikkje til ro før også ei større ferje er på plass på strekninga.

– Vi arbeider no opp mot Norled og fylket om å få på plass ei stor ferje snarast. Etter planen kjem dette ikkje på plass før januar 2015. Med trafikken som er på sambandet no, meiner vi det er alt for seint, seier dei til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL