Hopp til innhold

I harnisk over at ferjeflåten og tilbodet ikkje blir betra

Vanylven og Sande held fram med å protestere mot det dei meiner er alt for dårleg ferjetilbod. No fryktar dei at transportselskap skal velje lang omvegar for å unngå flaskehalsar i kommunane.

Ferja legg til kai i Årvika

Ferja som går mellom Koparnes og her i Årvika, er gammal og tek få bilar. No rasar Vanylven-ordførar Jan Helgøy over at fylkeskommunen utsett å få inn nye ferjer.

Foto: Anne Karin Gjendem

Like før jul avgjorde samferdsleutvalet at dagens ferjeordning på Ytre Søre Sunnmøre skal halde fram til 2015.

Det vil seie at fleire samband må halde fram med svært gamle ferjer – der kapasiteten allereie er sprengt.

Sambandet Årvik - Koparnes, med ei gammal ferje som tek 34 bilar, blir råka hardast.

Jan Helgøy

Vanylven-ordførar Jan Helgøy mislikar sterkt at ferjesambandet Årvik-Koparnes ikkje får nye ferjer.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det står ikkje i stil!

Forhandlingar om nye ferjer har samferdsleutvalet eit mål om å setje i gang først om eitt år.

Dette skjer samstundes som ferjekaiene blir oppgraderte for fleire titals millionar kroner.

– Det står ikkje i stil i det heile, spesielt når ein ser på gjennomfarta av bilar. Ein slit med 40–50 år gamle ferjer, og det blir eit misforhold.

Det meiner Vanylven-ordførar Jan Helgøy. Han viser til at det skjer ei opprusting av ferjekaier og oppstillingsplassar.

Då er det meiningslaust at det ikkje kjem inn betre ferjer sporenstreks, seier Helgøy.

– Dette avviser trafikk. Dette vil styre trafikk i omvegar som denne flaskehalsen vil medføre

Protestane held fram

Saman med Sande kommune er protestane mot ferjetilbodet høge.

Helgøy meiner samferdslepolitikarane i fylket ikkje burde ha gått med på å løyse inn opsjonen med ferjeselskapet for ytterlegare eitt år.

– Eg meiner det ikkje burde freiste i det heile å sjå på opsjonar når det har kome så langt.

– Så dette er ei dårleg jule- og nyttårsgåve dersom det eigentleg er økonomi dei pratar om, seier Helgøy til NRK.no.

Han meiner økonomien ikkje er det overordna.

– Dette går på samfunnsansvar og samfunnsøkonomi for langt større område enn berre Vanylven, tordnar ordføraren.

På første formannskapsmøte, den 8. januar, vil Helgøy og Vanylven sende forsterka skriv og protestar til Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Der er behov for å halde ei så stor trafikkåre så god som mogleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL