Hopp til innhold

No blir Tussentunnelen gratis

I morgon klokka 12, altså på nyttårsaftan, blir det gratis å køyre gjennom Tussentunnelen mellom Fræna og Molde.

Tussentunnelen fra Frænasida

Dette bomskiltet vil frå nyttår av bli fjerna. For etter 24 år med betaling blir Tussentunnelen gratis.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, meiner Tussentunnelen held mål.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I heile 24 år har ein måtta betalt for å køyre gjennom denne tunnelen. Men no som fylkeskommunen overtek drifta vert det gratis å passere gjennom tunnelen som blei bygd for private midlar.

Tunnelen er no endeleg gjeldsfri, og det er ein god tunnel som held mål, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Godt brukt tunnel

Tunnelen har vore nedbetalt fleire gonger, men bompengeordninga har vorte fornya på grunn av opprustingar både i og utanfor tunnelen. Så seint som i 2010 var det gjort oppgraderingar til ein verdi på 68 millionar kroner.

– Eg trur at tunnelen er god nok, og at den ikkje treng fleire felt. Men det som kan vere eit problem er at den er litt lav, og det byr på utfordringar for høge køyretøy, seier Fuglseth.

Løysinga der er å fjerne asfalt, for å så legge nytt dekke. Men ifølgje Fuglseth er det ikkje aktuelt å starte med fleire oppgraderingar i nær framtid.

Tussentunnelen som stod ferdig i 1990 og sjølv med alternativ gratis omveg på ein knappe 6,5 kilometer over Skaret, er dette ein mykje brukt tunnel der heile 4700 bilar passerer i døgnet.

Ordfører i Fræna, Nils Johan Gjendem

Ordførar i Fræna, Nils Johan Gjendem er glad for at tunnelen no vert gratis.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Positiv vekst

Ordføraren i Fræna, Nils Johan Gjendem (Frp), ser fram til at bompengeperioden vert avslutta, sjølv om han var ein av dei som var positiv til å byggje denne tunnelen, og betalinga som følgde med.

– Tunnelen har betydd mykje for trafikktryggleiken, men det har også gjort at næringslivet har blomstra, seier han.

Sidan første heile driftsåret i 1991 har 30 milllionar køyretøy passert bomstasjonen. Trafikken har auka frå i underkant av 950.000 køyretøy i 1991 til vel 1,7 millionar i fjor.

Etter at bomstasjonen stengjer nyttårsaftan, står det berre att å rive bomstasjonen noko som vil koste rundt 4,4 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL