Ni månader for seksuelle lovbrot

Ein mann i 20-åra er dømt til fengsel i ni månader for å ha sendt seksuelle meldingar til 19 ulike tenåringsjenter. Den yngste var berre 13 år gamal. I tillegg er han dømt for seksuelle omgang med ei jente mellom 16 og 14 år, og for å ha betalt ei anna for nakenbilde. Mannen skal ifølge dommen ha forklart at han kjeda seg, og difor tok kontakt med jentene. Mannen må også levere inn fire mobiltelefonar til staten og betale 70 000 kroner i erstatning til ei av jentene.