Hopp til innhold

Nevstad ber om pause

André Nevstad får permisjon frå stillinga som dagleg leiar og sportssjef i Hødd.

Andre Nevstad

André Nevstad tar pause frå leiarjobben i Hødd.

Foto: Arne Flatin

André Nevstad

Andre Nevstad leiar Hødd fram til cupgull i 2012.

Foto: Arne Flatin / NRK

– André Nevstad har hatt eit sterkt ønske om å få permisjon ut 2016 frå stillinga som dagleg leiar/sportssjef. Etter mange år i stillinga har han følt behov for ein litt annan kvardag i ein periode, skriv Hødd i ei pressemelding.

Nevstad skal framleis jobbe 100prosent i klubben med prosjekt og utvikling. André Nevstad vart tilsett i administrasjonen i 1996, og i fleire år kombinerte han leiarjobben samtidig som han var aktiv spelar.

Kari Mette Sundgot

Kari Mette Sundgot

Foto: Arne Flatin

Kari Mette Sundgot som i dag er økonomi og personalleiar vert konstituert som dagleg leiar. Geir Hansen som er sport og utviklingsleiar blir leiar på sport.

– Eg har alltid følt meg veldig privilegert som har fått jobbe i Hødd og hatt hobbyen min som yrke. Motivasjonen har heile tida vore å utvikle klubben vidare saman med dei andre tilsette og alle dei frivillege. For meg har det vore ein livsstil, og det har vore utruleg givande, seier Nevstad.

Krevjande jobb å leie Hødd

Nevstad vedgår at jobben også har vore krevjande.

– Dei siste månadene har eg følt veldig for å få ein litt annan kvardag, og kunne prioritere litt annleis ein periode framover. Eg set stor pris på den forståinga eg har møtt både i styret og administrasjonen i denne prosessen og ser fram til å bidra vidare, seier Nevstad.

Bård Dalen

Styreleiar Bård Dalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Styreleiar Bård Dalen seier dei har forståing for Nevstad sin situasjon.

– Det har vore ein god prosess på dette internt, og vi har saman kome fram til ei løsying ut året som vi føler oss trygge på vil fungere godt. Vi har ein dyktig administrasjon med mykje kompetanse og erfaring og der alle jobbar knallhardt kvar einaste dag for å utvikle klubben vidare, skriv Dalen i pressemeldinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL