Hopp til innhold

Åtvara om verdifull natur i 40 saker – det vart vindkraft likevel

Miljøstyresmaktene har kritisert 40 av 67 vindkraftverk som har fått byggeløyve. Det syner ei kartlegging NRK har gjort.

Vindpark på Høg-Jæren

HØG-JÆREN: Eit vindkraftverk på Jæren i Rogaland. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Andreas Molland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er urovekkande, og det har ført til at vi i mange område har tapt naturmangfald, seier Bjørnar Wiseth, miljødirektør hjå Statsforvaltaren i Trøndelag.

Når natur skal byggast ned, er utbyggarane lovpålagde å kartlegge konsekvensane. Til det brukar dei private konsulentselskap som er betalt av utbyggar.

NRK har tidlegare fortalt at konsulentar meiner systemet løner dei som finn minst natur å ta vare på.

NRK har gått gjennom tildelte vindkraftkonsesjonar i fylka Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland. Av 67 prosjekt fekk 40 kritikk for manglar med konsekvensutgreiingar for naturmangfald.

Mange av vindkraftverka fekk konsesjon for 10–12 år sidan, men fyrst no har turbinane reist seg langs kysten og i fjellheimen.

Statsforvaltaren i Trøndelag har kritisert at biologisk mangfald er dårleg undersøkt, mellom anna for fugl, naturtypar og vegetasjon.

– I fleire saker har vi påpeika gjentekne gonger at ein del av undersøkingane har vore for svake, seier Wiseth.

Han meiner energistyresmaktene har stilt for dårlege krav til utgreiingane.

Anleggsarbeid ved Sørmarkfjellet

UTBYGGING: Anleggsarbeid ved Sørmarkfjellet i Trøndelag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Uroa i Trøndelag blir delt av Statsforvaltaren i Vestland. Seniorrådgjevar Tore Larsen seier at rapportane etter naturkartleggingar held relativt lågt fagleg nivå.

– Dessverre må vi seie at rapportane med nokre få unntak har jamt dårleg kvalitet.

NVE ber ofte om etterundersøkingar, men ifylgje Larsen er dette til liten nytte.

– Desse ekstraundersøkingane er av like dårleg kvalitet som dei fyrste, seier Larsen.

Meiner NVE manglar tilsette med nok kunnskapar om natur

Store konsulentselskap som Norconsult og Multiconsult har sagt til NRK at prispress og uklare krav kan truge kvaliteten på undersøkingane.

Også miljøvernministeren vedgår at det finst vindkraftverk som ikkje burde vore bygd.

Av alle som har søkt konsesjon til vindkraftverk på land i Noreg, har 90 fått ja, medan 45 har fått avslag.

Det syner tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dei har ikkje ei samla oversikt over årsakene til avslaga.

Men NRK har gått gjennom alle avslaga. Under halvparten (4 av 10) skuldast omsynet til naturmangfaldet. Dei fleste avslaga var på grunn av manglande lønsemd, støy, reindrift, med meir.

Tore Larsen hos Statsforvaltaren i Vestland meiner NVE må tilsetje fleire fagfolk med rett kompetanse på biologi og naturmangfald. Han har sjølv åtvara då verdien av naturen på Stad vart nedgradert.

– NVE har sikkert mange flinke sakshandsamarar innanfor enkelte område, men eg har registrert at det glipp på miljøfeltet. Openbert svake miljøundersøkingar blir brukt som grunnlag for å gi konsesjon, seier han.

Han får støtte av kollega i Rogaland, assisterande miljøvernsjef, Per Kristian Austbø:

– Vi ser at den tidsmessige og økonomiske ramma som konsulentane har hatt i ein del tilfelle har vore mildast talt lite. Naturen er vekta relativt lågt i NVE sine konklusjonar, kanskje er det derfor vindkraft har blitt så omstridt, seier Austbø.

Tellenes vindpark i Sokndal og Lund kommuner i Rogaland.

FORNYBAR ENERGI: Tellenes vindpark i Sokndal. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

NVE: – Vi manglar ikkje kompetanse

Konsesjonsdirektør Rune Flatby seier NVE legg vekt på all tilgjengeleg kunnskap, og at dei har ei betydeleg naturfagleg kompetanse.

– Vi arbeider kontinuerleg med å styrke kunnskapsgrunnlaget. Ei av utfordringane på vind er at det har vore avgrensa kunnskapar om verknadane av vindkraft i norsk natur. Det har også vore ei utfordring for miljøstyresmaktene, seier Flatby.

– Men kvifor tar dykk ikkje meir omsyn til innvendingar frå fylkesmennene? Dei er jo nøytrale, medan konsekvensutgreiingar blir levert av utbyggar?

– Vi har eit anna oppdrag enn fylkesmannen. Vi skal ikkje berre ta omsyn til naturen, men også til trongen for fornybar energi og forsyningstryggleik, seier Flatby.

Noreg skal kutte klimagassutsleppa med minst 50 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivået. Då treng vi meir fornybar kraft.

Det er NVE som avgjer kva vindkraftselskapa skal undersøke av plante- og dyreliv. NVE seier Miljøverndepartementet har fått sjå forslaga til utgreiingskrav i alle sakene.

Departementet har ifylgje NVE hatt merknadar til dei fleste, og merknadane er som oftast blitt innarbeida. NVE har ikkje svart på kor mange gonger dei faktisk har skjerpa utgreiingskrava.

Flatby seier dei no etter den nye stortingsmeldinga om vindkraft skal i gang med eit arbeid saman med miljøstyresmaktene for å styrke kunnskapane endå meir

Rune Flatby

KONSESJONSDIREKTØR: Rune Flatby i NVE.

Foto: Sarah Pierstorff/NRK

Ekspert: – Det er grunn til å vere uroa

Fredrik Holth, jusekspert ved Norges Miljø- og biovitenskapelige Universitet, er bekymra for folk sin tillit til systemet om det er tvil om kva som er fakta før ei utbygging.

– Det er grunn til å vere uroa om det blir gitt grønt lys for eit stort tal utbyggingssaker, sjølv om fagstyresmaktene innan miljø er sterkt kritiske, meiner Holth.

Holth seier alle politiske avgjersler handlar om prioriteringar og val, men at ein må vere trygge på det faglege grunnlaget.

– Når ulike fagstyresmakter står mot kvarandre, så bør ein vere sikre på det faglege grunnlaget, gjer ein det så sikrar ein også tilliten til systemet, meiner Holth.

Hennøy Vindkraftverk

Vindkraftverk på Hennøy i Bremanger kommune. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Norwea: Vi er ikkje samde

Spesialrådgjevar i vindkraftbransjen sin interesseorganisasjon Norwea, Andreas Thon Aasheim seier det ikkje er slik at miljøavdelingane hjå Statsforvaltarane sit med eit fasitsvar.

– Vi er ikkje samde i at det blir gjort undersøkingar av for dårleg kvalitet, men vi ynskjer velkomen tiltak som forbetrar og styrkjer konsesjonssystemet, seier Aasheim.

Norwea har også fleire av konsulentselskapa som gjennomfører naturkartleggingar som medlemmer.

Aasheim meiner miljøstyresmaktene legg lista mykje høgare enn energistyresmaktene når dei kritiserer konsekvensutgreiingar.

Aasheim seier staten i slike tilfelle står fram som lite samsnakka.

– Vi ynskjer oss at Statsforvaltaren, Miljødirektoratet og NVE blir samde om kor lista skal ligge, slik at vi slepp spriket i forventningar mellom energi- og miljøstyresmaktene, seier Aasheim.

– Vi er i ei naturkrise

Biolog Christian Steel i miljøorganisasjonen Sabima seier han er sjokkert over talet saker der Statsforvaltaren har kritisert naturkartleggingar.

– Vi er i ei naturkrise, statsrådane har forplikta seg til å ta vare på natur innan sine sektorar, så skjer dette i praksis, seier Steel.

Steel seier problemstillinga dukkar opp også innan andre typar naturinngrep enn vindkraft, som samferdsle, vasskraft, bustadar og industri.

– Grunnlova er klar på at innbyggarane har rett til kunnskap. Om kunnskapen er mangelfull pliktar styresmaktene å seie nei der det er fare for at store naturverdiar blir øydelagt, meiner Steel.