Nei til brannstasjon til 152 mill.

Formannskapet i Kristiansund stemte nei til å bygge ny brannstasjon til 152 millionar kroner, åtte millionar lågare enn anslaget frå i sommar. Det skriv tk.no. Arbeidstilsynet meiner den gamle stasjonen i sentrum ikkje tilfredsstiller krav til arbeidsmiljø og funksjonalitet.