Hopp til innhold

– Ein historisk dag for Sunnmøre politidistrikt

Delar av det nye naudnettet er endeleg tatt i bruk i Møre og Romsdal. Sunnmøre politidistrikt er først ut, men det framleis langt igjen før alt er oppe og går.

I dag vart det nye naudnettet for første gang tatt i bruk her i Møre og Romsdal. Først ut er Sunnmøre politidistrikt.

Delar av naudnettet er no tatt i bruk. For Sunnmøre politidistrikt gjekk den første samtalen til nabodistriktet i nord.

Ørjan Skoglund

Ørjan Skoglund er godt fornøgd med å ha ny kommunikasjonsløysing oppe og gå.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Då er det ein historisk dag for Sunnmøre politidistrikt. Vi har gått frå ein analog operasjonssentral til ein fulldigital operasjonssentral. Det fekk vi no vist og testa.

Ørjan Skoglund er assisterande prosjekt i politidistriktet, og onsdag var det kakefeiring.

Gjennom nytt utstyr, og ein liten boks, blir det nye naudnettet styrt, og auka og betre beredskap for både politi og publikum er fordelen.

– Trafikken og trafikken inn til politihuset er enklare å styre, og lettare å følgje opp når nokon ute vil ha tak i oss, fortel Skoglund til NRK.

Jon Are Pettersen

Jon Are Pettersen, seksjonsleiar i Direktoratet for naudkommunikasjon.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ventar på radionettet

Sunnmøre politidistrikt er det 12. politidistriktet i landet som kan feire at dei tek i bruk den nye kommunikasjonsløysinga.

Vegen er derimot lang før heile naudnettet er oppe og går, fortel Jon Are Pettersen i Direktoratet for naudkommunikasjon.

– Brann og helse vel å vente med innføringa til radionettet også er bygd ut, og dei tek det i bruk i eitt steg, opplyser seksjonsleiaren.

Naboen i nord neste ut

Den første testen av den nye kommunikasjonsløysinga gjekk til ein svært god nabo. Nordmøre og Romsdal politidistrikt var på tråden, og om ikkje lenge blir naudnettet òg oppgradert der.

I løpet av september i år vil politidistriktet for dei nordlegare delane av fylke ha løysinga installert, og mot slutten av 2014 skal heile det nye naudnettet bli tatt i bruk.

Operasjonssentralen på Sunnmøre

Her, på operasjonssentralen på Sunnmøre, vil kommunikasjonen inn og ut no bli enklare.

Foto: Jannicke Farstad / NRK