Hopp til innhold

Ein var fastklemd i arbeidsulykke i Ålesund

Ein person er frakta til sjukehus etter å ha blitt skadd i ei arbeidsulykke i Olsvika i Ålesund.

Arbeidsulykke i Olsvika

ULYKKE: Ein person skal vere skadd i ei arbeidsulykke i Olsvika i Ålesund.

Foto: Vegard Lunde Wall / NRK

Politiet i Møre og Romsdal meldte om ulykka klokka 13.55. Alle naudetatane er rykte ut til staden og var framme like etter klokka 14.00.

Personen var fastklemd, men blei etter kvart frigjort.

– Personen er sendt til sjukehus. Vedkomande var fastklemd. Ulykka har skjedd i samband med ei maskin, seier Erik Daniel Dyb, operasjonsleiar i politiet.

Personen skal ha fått skader i beina, men skadeomfanget er så langt ukjent.

– Han var vaken og medviten, seier Dyb.

Det er ikkje meldt om at andre skal ha blitt skadd i ulykka.

Gjer undersøkingar

Politiet er på staden for å gjere undersøkingar.

Dyb opplyser at det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

– Vi gjer undersøkingar på staden for å prøve å få svar på dette, seier operasjonsleiaren.

Arbeidstilsynet skal også bli varsla om hendinga.

Arbeidsulykke i Olsvika i Ålesund

Ulykka skjedde ved ei bedrift i Ålesund

Grafikk: Kart