Politiførstebetjent i Sunnmøre politidistrikt, Sindre Ryssevik, meiner manglande ressursar gjer at narkotikaproblemet ikkje blir høgt nok prioritert.
For to år sidan gjorde politiet i Ålesund 168 hasjbeslag, i fjor 160 og så langt i år knappe 30.
I tillegg til hasj, er det amfetamin som i hovudsak blir brukt i Ålesund. I fjor vart det gjort 103 amfetamin-beslag, i år berre 36. Færre personar er også pågripne med heroin, tablettar og kokain.
Men storleiken av dei få beslaga som politiet har gjort i år har auka frå tidlegare år.