NRK Meny
Normal

Nabokommune vil redde fuglefjellet

Ulstein kommune ber innbyggarane støtte underskriftsaksjonen for å verne fuglane på Runde.

Lundefugl

Lundefuglen er eit av fugleslaga som er i ferd med å forsvinne frå fuglefjellet på Runde.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold, Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX / SCANPIX

Dei siste åra har det vore ein sterk nedgang av fugl i fuglefjellet.

Fungerande ordførar i Ulstein, Olav Sæter, innrømmer at dette er uvanlig at ei kommune oppmodar til slikt.

- Det er normalt ikkje ei kommunal oppgåve å engasjere seg i underskriftskampanjer, men dette er eit lokalt initiativ og angår fuglebestanden på Runde. Dermed har det mykje å seie for lokalmiljøet vårt, seier Sæter.

Dramatisk

I fuglefjellet på Runde har det dei siste åra vore ein sterk nedgang på talet av fugl. Området er eit ynda mål for turistar og fungerande ordførar i Ulstein kommune, Olav Sæter, seier at det såleis ligg sterke næringspolitiske interesser bak.

- Pengar er ikkje i fyrste omgang det me tenker på, svarer han på spørsmål om Ulstein kommune frykter eit tap av pengar.

- Når Lundefuglen, til dømes, er i ferd med å bli vekke frå Runde, så er det dramatisk, fortel han.

Marte Gundersen er ein av intitiativtakarane bak underskriftskampanjen. Ho jobbar ved turistinformasjonen på Runde og seier at turistane no aldri er sikre på å få sjå ein einaste fugl.

Vil setje lys på problemet

- Når vi snakkar med turistane som kjem for å sjå spesielt Lundefuglen, så kjem dei ned att og er skuffa fordi dei kanskje har sett to stykk, seier ho.

No er dei ute med underskriftskampanja som skal redde bestanden av fugl på Runde.

- Vi vil sende det inn til styremaktene, og få sett lys på saka, seier ho.

- Slik at folk kan forstå kor alvorleg dette er, legg ho til.