Hopp til innhold

Mykje nedbør skaper problem

Vassplaning og kjellaren full av vatn er blant problema regnvêret skapar fredag morgon.

Mykje regn

Mykje nedbør skaper stor fare for vassplaning fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I 06.30-tida kunne 110-sentralen i Møre og Romsdal melde at brannvesenet i Møre og Romsdal måtte rykke ut for å hjelpe ein huseigar som hadde fått kjellaren full av vatn.

Og dei store nedbørsmengdene kan også føre til vanskelege køyreforhold.

Politiet melder om mykje vatn i vegbana på E39 mellom Rotsethorntunnelen og Hjartåbergtunnelen.

– Køyr forsiktig, er oppmodinga frå politiet.

Også på fylkesveg 64 mellom Eide og Molde er det svært mykje vatn. Statens vegvesen sin entreprenør er ute for å utbetre køyreforholda.

– Ver merksam på vassplaning, skriv Statens vegvesen.

På fylkesveg 655 er også Norangsdalen stengt på grunn av fare for ras, melder Statens vegvesen.

Stor snøskredfare

NVE gjekk torsdag ut og varsla om stor snøskredfare i fjellet i Møre og Romsdal fredag. Det er også fare for flaum og jordskred.

Fredag er det venta mellom 70 og 100 millimeter regn.

I områda mellom Sunnfjord og Møre og Romsdal kan det kome opp mot 120 millimeter på det meste, i løpet av berre eitt døgn.

Fredag er det meldt sørvest liten storm på kysten og i fjellet, frå fredag ettermiddag er det meldt sterk kuling, regn, yr og lokalt mykje nedbør.

– Stikkorda er mildt, vindfullt og vått. Vi har også ute eit OBS-varsel for nedbør. Frå midnatt og fram til klokka 07.00 hadde både Ørsta og Ålesund hatt 25 mm nedbør så langt, seier meterlog Steinar Skare.

Laurdag er det meldt vestleg sterk kuling, noko som kan auke opp til full storm på kysten i nord. Laurdag ettermiddag er det meldt om minkande nordleg stiv kuling og sterk kuling i nord. Det er også meldt regnbyer og haglbyer, og etter kvart snøbyer over 300–500 meter.

Men ifølgje er det meldt lettare vêr søndag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL