Hopp til innhold

Mowinckel blir nummer 11

Alpinist Ragnhild Mowinckel frå Molde blei til slutt nummer 11 under storslalåmen i slovakiske Jasna i dag. Ho klatra dermed ein plass, frå nummer 12, i førsteomgang. Mowinckel var 1,96 sekund bak Petra Vlhová, som vann rennet på heimebane.

Dagens prestasjon er moldensaren sitt beste verdscupresultat i disiplinen etter at ho i desember kom tilbake frå eit skadeavbrekk på 18 månader. Før dette var ein 17.-plass det beste ho har klart i verdscupen. Elles enda ho nyleg på ein 9.-plass i VM-storslalåm, som er hennar beste resultat totalt etter at ho kom tilbake frå skaden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL