Hopp til innhold

Motorbåt driv mot land

Ein motorbåt skal ha mista motorkrafta og driv mot land i Langfjorden i Rauma, opplyser politiet på Twitter. Det er to personar om bord i båten. Hovedredningssentralen koordinerer redningsaksjon og har meldt til naudetatane at det ikkje er behov for at dei rykker ut. – Det er lite dramatisk, seier operasjonsleiar Tove Holst Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.