Hopp til innhold

Moskus i Rauma har blitt avliva

Moskusen som har blitt observert fleire gonger i Rauma dei siste dagane har no blitt avliva.

Moskus på Nesaksla

MOSKUS: Moskusen blei i går observert i Isfjorden i Rauma. I dag dukka den opp på Nesaksla og Romsdalseggen i Rauma.

Foto: Arnt Olsen

Moskusen som blei observert i Isfjorden i går og på Nesaksla og Romsdalseggen i Rauma i dag skal no vere avliva. Det var Åndalsnes Avis som først omtalte saka.

Politiet i Møre og Romsdal bekreftar til NRK at moskusen blei avliva rundt klokka 15.30.

– Det var ei totalvurdering som gjorde at den blei avliva. Både på grunn av kvar moskusen var og at han var i eit område i nærleiken av gondolen i Rauma, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet.

Moskus på Nesaksla

Fredagen var moskusen ikkje langt frå folk på Nesaksla og Romsdalseggen i Rauma.

Foto: Arnt Olsen

Har følgt situasjonen

Torsdag blei moskusen observert nært busetnad i Isfjorden. I dag dukka han opp i nærleiken av folk på den populære Nesaksla og Romsdalseggen i Rauma.

Den lokale viltnemnda og Statens naturoppsyn (SNO) har fortløpande vurdert situasjonen utover dagen i dag. I dialog med SNO blei det avgjort at moskusen skulle bli avliva.

– Han dukka opp i eit område der det er meir folk enn i sentrum av Åndalsnes. Det er smalt og trongt og det er ikkje ein egna plass for ein moskusokse når det er mykje folk der, seier Per Egil Solli-Mork, leiar for viltnemnda i Rauma.

Solli-Mork seier at moskusen truleg høyrde heime på Dovrefjell. Han seier det ikkje var aktuelt å jage moskusen frå området.

– Nei, då hadde det vore to alternativ. Enten ned mot sentrum eller mot eit område der det sto folk i kø for å vente på å kome på Romsdalseggen, så det var ikkje noko plass å jage han.

Les også Moskus har blitt observert i Isfjorden

Beskrivelse mangler

– Ikkje aktuelt å flytte moskusen

Tord Bretten, seniorrådgivar i SNO, seier at moskusen som dukka opp i Isfjorden truleg var ein brunstig hanne som var på damejakt.

– Han har sikkert ikkje vore stor nok til å finne seg dame på Dovrefjell og reist ut på leiting etter kyr. Då kan dei gå langt.

Tord Bretten i SNO

Tord Bretten i SNO seier det er fleire grunnar til at moskusen som hadde forvilla seg til Rauma blei avliva.

Foto: Even Lusæter / NRK

Bretten seier at det ikkje var aktuelt å bedøve moskusen for å frakta den tilbake til der han kom frå. Risikoen og kostnaden hadde blitt for stor, seier han.

– Det er veldig vanskeleg å flytte dei på denne måten. Av ni dyr ein har prøvd å bedøve tidlegare har fire døydd, så det er ein risiko knytt til dette. I tillegg er frakta utruleg dyr. Når vi då framleis må skyte fleire titals dyr denne sesongen så blei det rett å avlive denne moskusen som hadde forvilla seg.

Dette er den 50 moskusen som har blitt avliva i år. Per i dag er det ca. 230 dyr og bestandsmålet er på rundt 200 vinterdyr. Bretten seier at det kunne ha oppstått farlege situasjonar dersom moskusen ikkje hadde blitt avliva. Han vektlegg at i den gjeldande forvaltningsplanen for moskus er folk si sikkerheit eit viktig element.

– I staden for å flykte så forsvarar dei seg. Dei ser veldig fredelege ut, men på Dovrefjell opplever ein ofte at folk går for nære, og då kjem dei. Og du har ikkje lyst å få ein 400 kilo moskus rett mot deg i 60 kilometer i timen. No hadde moskusen kome inn i eit område der folk ikkje er vand til å sjå slike dyr, då kan det skje uheldige situasjonar fordi folk ikkje veit noko om dei, seier Bretten i SNO.

Beskrivelse mangler

Torsdag kveld dukka moskusen opp i Isfjorden i Rauma.

Venta mykje folk i helga

I turistsesongen er det hundrevis av besøkande på Nesaksla kvar dag. Turistar tek gondolen opp frå Åndalsnes og fjellfolk går forbi på veg til utsiktspunktet Rampestreken eller Romsdalseggen.

Før moskusen blei avliva stod eit turfølge «moskusfast» i to timar då moskusen kom inn i området der dei var. På eit tidspunkt var moskusen rundt 50 meter frå stien der folk går på fjelltur.

Per Espen Thorgersen

Per Espen Thorgersen, dagleg leiar av Eggen Restaurant.

Foto: Privat

Denne helga er også fleire hundre påmeldt eit fjelløp over Romsdalseggen laurdag. I tillegg er det meldt fint vêr denne helga.

– Vi ventar fullt hus heile helga, seier Per Espen Thorgersen, dagleg leiar av Eggen Restaurant, som ligg på toppen fjellet Nesaksla.

Thor Einar Dahle er kjøkkensjef ved restauranten og observerte moskusen fredag ettermiddag. Han fortel at det var ei stor oppleving.

– Moskusen låg i terrenget og såg ut som han slappa av. Det var eit majestetisk syn.

Moskus på Nesaksla

Thor Einar Dahle, kjøkkensjef på Eggen restaurant, tok bilde av moskusen.

Foto: Thor Einar Dahle / Privat