Hopp til innhold

Moskus blei observert i Isfjorden

Steinar Morstøl var på veg heim då han plutseleg såg ein moskus 10–15 meter framfor bilen.

Beskrivelse mangler

MOSKUS: Andreas Grønning Hjelme og sonen såg moskusen frå bilen.

Rundt 20.40 torsdag kveld melde politiet i Møre og Romsdal at ein moskus hadde blitt observert i nærleiken av eit bustadområde i Isfjorden i Rauma.

Statens naturoppsyn og viltnemnda blei involvert i søket etter dyret.

I 21.00-tida kan viltnemnda i Rauma opplyse at dei har avslutta leitinga etter moskusen. Det skal vere teikn til at moskusen kan ha gått tilbake mot terrenget.

Ifølge vitne skal moskusen ha blitt skremt og sprunge i retning Vengedalen, fortel Sindre Bø i viltnemnda i Rauma.

Dersom moskusen kjem tilbake til bustadområdet vil eg be alle om å halde avstand. Dette er ikkje ufarlege dyr om dei føler seg truga, seier Bø.

– Ikkje oppsøk ville dyr

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, ber folk om å kontakte dei skulle dei sjå moskusen.

Også operasjonsleiaren ber folk om å vere forsiktige om dei skulle observere moskusen.

– Ein skal alltid ta forholdsreglar og ikkje oppsøker ville dyr, sa Holst-Dyrnes til NRK like før klokka 21.00.

Møtte på moskusen

Steinar Morstøl frå Isfjorden var på veg heim i 18.00 tida då han plutseleg såg moskusen passere vegen ved Grøtta.

– Den var rundt 10–15 meter framfor bilen og gjekk roleg over vegen. Eg har sett dei på avstand før på fjellet, men det var ganske spesielt å sjå ein moskus så nært, fortel han til NRK.

Han varsla så viltnemnda om det han hadde sett.

– Dei har sin sjarm, men dei har ikkje fluktinstinkt så det går ikkje så bra saman med å bevege seg rundt i tett busetnad, så det er viktig at folk held avstand, seier Morstøl.

Også Andreas Grønning Hjelme var ute å køyrde då han og sonen på fire år fekk auge på moskusen i 19.00-tida.

– Det var veldig tøft å sjå. Det var eit stort dyr, sonen min meinte den måtte vere like stor som bilen vår. Så ein føler at ein må ha respekt og halde god avstand sjølv om ein er i bil, seier Hjelme.

Moskus observert i Isfjorden i Rauma.

– Det var eit stort dyr, sonen min meinte den måtte vere like stor som bilen vår, fortel Andreas Grønning Hjelme.

Foto: Andreas Grønning Hjelme

Låg på jaktpost då moskusen kom

Andreas Remen låg på ein jaktpost då han såg eit rådyr kome springane rundt 19.20.

– Eg tenkte at det kanskje kunne vere hjort i nærleiken, så eg let vere å skyte. Heldigvis. For ti sekund seinare kom moskusen plutseleg ut av skogen, fortel han.

Moskusen var rundt 30 meter frå der Remen sat i ein jaktstige tre meter over bakken. Jegeren fortel at det aldri var aktuelt for han å skyte mot moskusen.

– Det var ei heilt rå naturoppleving, seier han.

Andreas Remen låg på jaktpost då moskusen kom forbi.