Hopp til innhold

Stig Valldal risikerer å måtte flytte frå huset sitt på grunn av ein gondol

Ei gondolbane opp til Sulafjellet med utsikt over Ålesund har skapt debatt. I dag bestemte kommunen seg for å seie ja til gondol.

Stig Valldal riskerer å miste huset han bur i, om det blir gondol på Sula.

DEMONSTRERTE: Stig Valldal var blant dei som var med å demonstrerte utanfor kommunestyremøtet i dag.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Flakk-gruppa har lenge gått med planar om å bygge ei gondolbane opp til Sulafjellet i Sula kommune.

På toppen skal du få utsikt over heile Ålesund, og i tillegg blir det bygd ein restaurant.

I dag sa kommunen ja til planane.

Planene om gondol fra Langevåg opp til Sulafjellet.

Slik ser planane om gondol på Sula. På toppen ser ein restauranten.

Illustrasjon: Foto: Flakk Gruppen AS/Snøhetta AS

NRK skreiv i ein tidlegare versjon at 13 hus måtte rivast på grunn av gondolprosjektet. Dette var feil. Det beklagar vi. Vi retta opp i feilen 17.15.

Det riktige er at 13 hus vil få tilbod om kompensasjon.

Stig Valldal er ein av dei som risikerer å måtte flytte frå huset han bur i saman med familien sin.

Vi har gitt uttrykk heile vegen for at vi ønsker overhovudet ikkje gondol over husa og gjennom eit bustadområdet, seier han.

Han er oppvaksen i Sula, og flytta heim att i 2006. I over fire år har han venta på svar om han må flytte frå huset han bur i.

– Det har vore tungt. Når eg flytta heim hadde eg ein tanke om at eg flytta heim til røtene mine, til heimbygda mi, seier han.

Sjølv om kommunen enda med eit ja til gondolen i dag, har ikkje Valldal tenkt å gi seg med det første.

– Då vil vi gjere vårt ytste for å formidle våre tankar om gondolen til departementet og dei forskjellige ansvarlege fagetatane. Kampen er overhovudet ikkje slutt.

Valldal sit som vararepresentant for SV i Sula kommune.

Les også Reagerer på at gondolbane kan kome rett over stovevindauget

Vil ikkje ha gondol på Sula.

Statsforvaltar seier nei

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, har allereie sagt nei til gondolplanane. Grunnen til at dei seier nei er blant anna omsynet til friluftsliv og miljøskade.

– Tiltaket vil gi alvorleg miljøskade for landskapet, og samla sett vil tiltaket gi store negative verknadar for naturmangfaldet, seier statsforvaltar, Else-May Botten.

No blir saka sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet. Der listar Botten opp tre mogleg utfall.

  • Statsforvaltaren får medhald i eit nei, og planane for gondol blir ikkje godkjent.
  • Kommunen får medhald i sin klage, og planen for gondol blir godkjent.
  • Både kommune og statsforvaltaren får medhald, og planen kan bli godkjent med endringar.

No eller aldri

Prosjektleiar for Flakk-gruppa, Terje Devold, sa før møtet at om det enda med eit nei frå kommunen, så trur han planane vart stoppa.

– Eg tviler på det er vilje i vårt system til å ta dette vidare. Det er no eller aldri, seier han.

I første versjon skreiv vi også at 13 hus må vike, det rette er at 13 huseigarar har fått tilbod om kompensasjon, dersom det blir bygd gondol. Dette vart retta 18.15.

I kommunestyremøtet var det ein diskusjon om kommunen måtte ekspropriere eigedommar, dersom eigarane ikkje vart einige med utbyggar om ein kompensasjon.

Men Devold har trua på at dei vil bli einige.

– Vi har gitt eit anstendig tilbod til kompensasjon. Og vi trur dette blir landa i fred og fordragelegheit, seier Devold.