For det meste blir det ikkje dei store rikspolitiske hendingane vi kjem til å feste oss ved, vi vil heller vise korleis folk hadde det her på våre kantar den gongen.
Ein del av stoffet har nettsida felles med ein serie radioprogram om Romsdals amt i 1905 som blir sende ein gong i månaden på torsdag ettermiddag.
Hjelp oss med å lage ei god 1905-side!
Prospektkort, ukjend fotograf. Skolegata i Kristiansund. Kortet blei sendt til postopnar Anders Skauset på Skogset i Foldfjorden frå postassistent Bergljot Kvam i Kristiansund. Med løyve frå Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.
Vi er spesielt interesserte i fotografi frå 1905, og helst bilete som kan seie oss noko om natur, folkeliv og livsvilkår på den tida. Bygdene og byane såg annleis ut den gongen. Det var langt færre hus, åsar og lier var mykje snauare enn no, folk var annleis kledde og levde på ein annan måte både i arbeid og fritid. Har du eit godt bilete, vil vi gjerne få lov til å bruke det. Vi ser helst at du skannar det og sender det til oss som e-postvedlegg, men vi kan også ta imot papirkopiar. Vi må dessutan ha opplysningar om det vi ser på biletet.
Dessutan har både radioprogrammet og nettsida bruk for interessante historier om hendingar frå 1905, historier som kanskje har gått i arv frå generasjon til generasjon. Eller kanskje du har spørsmål av lokal interesse om dette året som vi eller andre nettsidelesarar kan svare på.
I alle tilfelle: send oss nokre ord! Skriv 1905 i emnefeltet på brevet.
Romsdals amt
Det som i dag er Møre og Romsdal fylke, heitte den gongen Romsdals amt. Amtshovudstaden var Molde, og der residerte amtets høgste embetsmann, amtmann Alexander Kielland. Han var her frå han blei utnemnd i 1902 til han døydde i 1906. Då hadde den store forfattaren avslutta den skjønnlitterære karrieren sin, men i 1905 gav han ut ei bok om Napoleon. Aleksander Kielland og hans rolle i 1905 får du lese meir om på denne sida når det lid lenger utpå året.
Folketal og utvandring
I 1905 budde det 143 000 menneske i Romsdals amt ? i dag er folketalet omkring 245 000. I åra sidan 1900 hadde utvandringa auka sterkt: 5 369 menneske hadde utvandra, dei fleste til USA og Canada, men somme hadde også reist til Sør-Afrika, særleg frå herad som Borgund, Ørsta og Volda.
Både utvandringa og flyttinga til byane tappa landdistrikta for arbeidskraft. Særleg Ålesund hadde mange innflyttarar ? det trongst mykje arbeidskraft til gjenreisinga etter bybrannen året før. Mangelen på arbeidskraft i bygdene gjorde at det blei mindre nydyrking enn ønskjeleg, og dreiv også lønningane i vêret.
Klippfisk og smør
Dei store eksportvarene frå Romsdals amt på denne tida var klippfisk og smør, og Kristiansund hadde den største eksporten av begge varene. I 1905 blei det skipa ut frå Kristiansund 22 000 tonn klippfisk. I desse åra stod byen for mellom 60 og 70 prosent av den norske klippfiskeksporten, og det gjekk dampskip med statsstøtte i fast klippfiskrute mellom Kristiansund, Spania og Portugal.
Ingen stad i landet blei det bygt meieri så raskt og i eit slikt omfang som i Romsdals amt i 1890-åra, og ved århundreskiftet var talet på meieri komme opp i 170. Fram til 1905 minka talet til 134, men framleis var amtet nr. 1 i landet når det galdt smørproduksjon: 563 tonn dette året. 315 tonn blei eksportert, det meste til England, men ein del også til Bergen og Kristiania. Kristiansund skipa ut 172 tonn, Molde 80 tonn og Ålesund 63 tonn.
Her må vi tenkje på at i 1905 var avdråtten per ku i gjennomsnitt litt under 1000 liter. Hundre år etter mjølkar ei ku 6-7000 liter i året.
Hovudkjelde: "Romsdals Amt: Beretning om den økonomiske Tilstand, Femaaret 1901-1905." Det Statistiske Centralbyraa, Kristiania 1911.
Bygdens Meieri på Skarbø, Stranda i 1905. Meieriet vart starta i 1893 og var i drift til 1917. Meierske Elise Dybdal (t.v.) og Gurine Opsvik. Ukjend fotograf. Med løyve frå Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.
Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal
Mange lokalaviser også i 1905
Ein gong i månaden kjem vi til å presentere ei samling med 100 år gamle nyheiter frå Romsdals amt, henta frå nokre av dei 19 avisene som kom ut i amtet den gongen. I 1905 fekk vi for første gong ei dagsavis: Det var Søndmørsposten som tok til å prente avis kvar yrkedag.
Avisene frå 1905 er svært ulike dagens aviser. På forsida finn ein oftast ikkje nyheiter, der kan det i staden stå lengre artiklar, reisebrev eller føljetongar. Annonsane er for det meste samla på sider for seg, men ein finn også ein del annonsar på forsida. Dei lokale nyheitene må ein ofte leite etter mellom lesarbrev, redaksjonelle kommentarar og telegram om krigar og ulykker ute i verda.