Hopp til innhold

Mor, far og bestefar dømde for overgrep mot tre sysken

Overlegen konkluderte i retten med at syskenflokken har fått uvanlege skadar etter omfattande misbruk. No er foreldra og bestefaren dømde til lange fengselsstraffer.

Barneskisse, Statens barnehus

Skisser av barnekroppar blei brukt under dei tilrettelagde avhøyra av borna.

Foto: Øystein Eldholm/NRK

Retten har samrøystes dømt både bestefaren og foreldra som var skulda i den omfattande og alvorlege saka i Møre og Romsdal tingrett nyleg.

Mora og bestefaren er begge dømde til ni års fengsel. Retten er komen til at faren er lettare psykisk utviklingshemma, og har difor avgjort at han må i fengsel eitt år mindre, i åtte år.

I tillegg må kvar og ein av dei tre betale 450 000 kroner til kvart av borna.

I dommen blir det slått fast at overgrepa er begått over tid, i heimen til borna og at gjerningspersonane er borna sine aller næraste omsorgspersonar:

«Disse nære omsorgspersonene har utvilsomt skapt et regime for barna som har vært preget av en kontinuerlig frykt for å blir utsatt for vold og seksuelle overgrep».

– Bestefaren er opprørt over å bli domfelt i saka. Han forstår ikkje korleis det er mogleg å bli domfelt med så mykje tvil som det var i saka, seier forsvarar Roy Peder Kulblik.

Han seier saka blir anka.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er forsvarar for bestefaren. Han seier hans klient er opprørt over å bli domfelt og at saka blir anka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Retten meiner det er bevist at mora brente dei eldste borna med lighter fleire gongar. Dei trur også på det borna har fortalt om at dei blei bundne, stengt inne på loftet eller ute av huset, og at dette skjedde gjennom fleire år.

Konkluderte med uvanlege skadar

Politiet meiner foreldra og bestefaren bytta på å misbruke dei tre borna seksuelt, den yngste heilt ned i spedbarnsalder. Retten har ikkje trudd på forklaringane til foreldra eller bestefaren:

«De tiltaltes egne forklaringer har, slik retten ser det, et klart preg av bortforklaringer basert på et ønske om å unndra seg straffansvar».

Overlegen som var ansvarleg for å undersøkje borna, sa i retten at han aldri før har sett så alvorlege skadar etter seksuelle overgrep. Han undersøkte borna i 2019, seks år etter at dei blei plasserte i fosterheim.

– Det er påfallande og sjeldan at ein ser så store skadar som hos desse syskena. Skaden er omfattande og alvorleg, sa han då han forklarte seg under rettssaka i september.

NRK har valt å anonymisere legen for å unngå at dei tre borna blir identifiserte.

– Stor lette

Både bestefaren og foreldra nektar for å ha gjort noko mot borna sine. Under rettssaka skildra dei seg sjølve og kvarandre som kjærlege og gode, og hevda påstandane om overgrep var resultat av ein fargerik fantasi.

Under rettssaka gjekk forsvararane til alle tre langt i å skulde fosterforeldra og barnevernet for å ha lagt ord i munnen på borna. Politiet fekk også kritikk for dårlege avhøyr og slett etterforskingsarbeid.

– Ei domfelling er ei stor lette og ei oppreising sjølv om alle tre må leve med skadane framover, seier bistandsadvokat Trude Marie Wold, som representerer dei tre borna.

Ho seier det ikkje er uventa at dommen umiddelbart blir anka.

Trude Marie Wold

Bistandsadvokat Trude Marie Wold representerer dei tre barna. Ho seier ei domfelling er ei stor lette sjølv om dommen blir anka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Familien budde i ei lita bygd i Møre og Romsdal, og ingen i nærmiljøet slo alarm.

Dommen er førebels ikkje rettskraftig, og det er allereie sett av tid til ankesaka i Frostating lagmannsrett i februar neste år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL