Hopp til innhold

Mor, far og bestefar tiltalt for grove overgrep mot eitt år gamalt barn

Både foreldra og bestefaren nektar for å ha forgripe seg seksuelt mot ein syskenflokk på tre. Det yngste barnet var berre eitt år gamal då overgrepa skal ha starta.

Romsdal Tingrett sal 1

Den uvanleg grove saka mot bestefaren og foreldra til tre små barn skal opp i tingretten i september.

Foto: Roar Jonny Strom

Riksadvokaten har bedt politiet i Møre og Romsdal ta opp igjen saka, etter at ei mor, ein far og ein bestefar er tiltalt for grove seksuelle overgrep mot dei tre små barna sine.

Det yngste barnet skal ikkje ha vore meir enn eitt år gamalt. I tiltalen er det skildra korleis alle tre i fellesskap utsette det vesle barnet for alvorlege overgrep.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim omtalar saka som uvanleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er ei svært alvorleg sak som har fått store konsekvensar for dei fornærma. Dei er svært glade for at det no er tatt ut tiltalte, dei opplever det som at dei no blir trudd, seier bistandsadvokaten til dei tre.

Nektar for å ha deltatt

Mora sin advokat, Sulman Hussain, seier tiltalen kom som eit stor overrasking på henne.

– Ho stiller seg uforståande til at tiltalane er retta mot henne. Ho utelukkar ikkje at noko har skjedd, men ho har ikkje vore til stades, vore vitne til noko, eller gjort noko straffbart mot borna sine, seier Hussain.

Han seier kvinna har samarbeidd med politiet for å finne ut kva som har skjedd og for å sirke at barna blir ivaretatt på best mogleg måte.

Forsvarane for dei to mennene seier at dei avviser straffskuld.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er forsvarar for den overgrepstiltalte bestefaren. Han seier mannen i 60-åra avviser straffskuld.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Budde i lita bygd

Familien budde i ei lita bygd i Møre og Romsdal og heile syskenflokken på tre skal ha blitt utsett for gjentekne overgrep over fleire år.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier dette om deira syn på saka:

– Det er ei alvorleg sak, når det skjer i ein syskenflokk på tre, og begge foreldra og bestefaren også forgrip seg, seier ho.

Ho omtalar saka som uvanleg, og seier strafferamma er 21 års fengsel.

Gamal sak

Politiet starta etterforsking av saka i 2013, men la den vekk i 2014. Statsadvokaten seier det har kome fram nye bevis i saka i seinare tid, men vil ikkje utdjupe kva det inneber.

I tiltalen kjem det fram at det i ettertid er funne overgrepsmateriale hos ein av dei tiltalte.

Ifølgje tiltalen skal dei tre også ha slått, sparka og utført anna vald mot dei to eldste borna sine, i lag og kvar for seg, og medan syskena måtte sjå på.

Borna har flytta frå Møre og Romsdal og bur no i fosterheim.

Saka skal opp for tingretten i september, og det er sett av åtte dagar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL