Hopp til innhold

Molde vann over skotske Hibernian

Molde Fotballklubb er vidare i Europaligakvalifiseringa etter 3-0 over Hibernian. Molde scora 10 minutt før pause der Erling Håland heada i mål. Etter pause hadde Hibernian ein del sjansar, men det var Molde og Fredrik Aursnes som scora. Mot slutten var det på nytt Håland som var frampå og sette inn 3-0, og dermed er MFK vidare til Play off, mot enten Zenit St. Petersburg eller Dinamo Minsk.

UEFA Europa League 2018/2019 tredje kvalifiseringsrunde, Molde - Hibernian.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL