Hopp til innhold

MFK møter belgisk klubb: – Det blir spennande

Molde-spelar Fredrik Gulbrandsen er innstilt på at det blir tøft, men har tru på at laget kan ta seg vidare i serieligaen.

Molde's Fredrik Gulbrandsen celebrates scoring their third goal with Kristoffer Haugen

VIDARE: Molde FK tok seg vidare frå serieligaen etter å ha vunne 6–2 samanlagt over det polske laget Legia Warszawa.

Foto: Aleksandra Szmigiel / REUTERS

Torsdag vann Molde FK enkelt over polske Legia Warszawa på bortebane i serieligaen.

No held europaeventyret fram for moldensarane. Neste motstandar blir belgiske Club Brügge. Det er klart etter dagens trekning av åttandedelsfinalane i serieligaen.

– Det er eit veldig godt lag. Alle laga som er igjen no er gode, så det var litt hipp som happ kven vi skulle møte. Men det blir spennande, seier Molde-spelar Fredrik Gulbrandsen.

Les også Molde knuste Legia Warszawa på bortebane

Fire mål på to kampar

Spissen stod for to av dei tre måla i torsdagens kamp. Dermed står han med fire mål på dei to kampane mot Legia Warszawa.

Fredrik Gulbrandsen etter å ha scoret 3-0 målet for Molde mot Legia Warszawa.

Fredrik Gulbrandsen scora to av måla i gårsdagens kamp.

Foto: Reuters

– Det følast sjølvsagt bra. Eg får prøve å halde fram trenden, men det er jo mange mål på to kampar, seier Gulbrandsen.

Han er fornøgd med korleis laget presterte på bortebane i går. Gulbrandsen håper dei kan halde fram med den positive trenden når dei no skal kjempe om ein plass i kvartfinalane i serieligaen.

– Vi har ein fin flyt i laget no med sjølvtillit. Vi skal gå inn i kampane og ha trua på det vi driv på med, og halde fram frå der vi slapp i går. Så får vi gjere alt vi kan for å slå dei og ta oss vidare.

– Sjølv om vi veit at det kjem til å bli tøft, så er eg sikker på at det er ei moglegheit, legg han til.

I haust vann Brugge begge kampane mot Bodø/Glimt i gruppespelet.

Greek former football international Kostas Katsouranis holds up the paper slip of Molde FK during the draw for the round of 16 of the 2023-2024 UEFA Conference League football tournament at the House of European Football in Nyon, on February 23, 2024.

På trekninga fredag blei det klart at MFK møter Club Brügge i åttandedelsfinalen i serieligaen.

Foto: Fabrice COFFRINI / AFP

Hente ut det beste

Den første kampen mot det belgiske laget blir i Molde 7. mars, medan returen blir i Belgia éi veke seinare.

– Det blir to tøffe og tette oppgjer, men det er kanskje det laget vi kjenner best til, seier Molde-trenar Erling Moe.

Molde-trener Erling Moe i kampen mot Legia Warszawa.

Molde-trenar Erling Moe seier det blir viktig for laget å hente ut det beste av seg sjølv når dei no konkurrerer vidare i serieligaen.

Foto: AP

Norske Ronny Deila er nemleg trenar for Club Brügge som også har Antonio Nusa og Hugo Vetlesen på laget.

– Det gjer det litt ekstra spennande når vi kjenner folk litt frå før. Men det blir to kampar der vi går inn med eitt mål for auget, å sette det saman på ein måte som gjer at vi får det beste ut av oss sjølv, seier Moe.

Trenaren håper oppkøyringa inn mot neste kamp blir god.

– Vi har vore veldig heldige med vinteren så langt. Vi har vore vekke når det har vore dårleg vêr heime og heime når det har vore bra. Så vi håper at vi får gode og fine forhold her heime framover.

Les også Tøff kamp ventar Molde: – Vi har tru på at laget kjem seg vidare

Torleif Bergsås og Inge Bratteteig før europacupkampen mellom Molde og Legia Warzawa.

MFK reiser hjem

Fredag reiste Molde-spelarane tilbake til Noreg etter å ha tatt seg vidare i serieligaen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK