Hopp til innhold

Tøff kamp ventar Molde: – Vi har tru på at laget kjem seg vidare

To tidlegare keeper-heltar er på plass når Molde møter polske Legia Warszawa i europacupkampen torsdag kveld. Dei har tru på at laget vil klare å kome seg vidare i Europa.

Torleif Bergsås og Inge Bratteteig før europacupkampen mellom Molde og Legia Warzawa.

Molde-legendene Torleif Bergsås og Inge Bratteteig håpar på avansement i europacupen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette blir kjekt. Vi håpar jo på eit godt resultat. Klarer vi uavgjort i denne kampen så er vi vidare.

Torleif Bergsås og Inge Bratteteig veit kva dei snakkar om. Begge vakta buret for Molde Fotballklubb gjennom mange år.

Bergsås var Molde sin siste skanse i sesongen 1974 då Molde tok sølv i den øvste divisjonen i norsk fotball. Bratteteig spelte frå start året etter då Molde møtte svenske Øster i europacupen.

Molde vann heime, men gjekk på eit stortap i bortekampen mot Øster.

– Men vi har faktisk vore med på den første europacupkampen som Molde har spelt nokon gong.

Torleif Bergsås følger Moldes europacupkamo mot Legia Warzawa.

Torleif Bergsås var keeper då Molde rykka opp til den øvste divisjonen i norsk fotball og tok sølv i 1974.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Tøff kamp

Også denne gongen har Molde eit godt utgangspunkt. Laget slo Legia Warszawa 3–2 i heimekampen. Bortekampen blir tøff. Uavgjort er nok. Det handlar om å kome seg vidare i den europeiske serieligaen.

Og Molde-trenar Erling Moe er førebudd på kva som kjem.

– Vi veit at det blir tøft når ein kjem opp på det nivået som vi er no. Det er ikkje overraskande at også Legia har gode spelarar. Vi ønskjer ikkje å sleppe inn slike mål som sist, så vi håper at vi er betre førebudd på dei tinga i morgon.

Molde-spelar Eirik Hestad seier det er viktig for dei å vere med å konkurrere i dei ulike turneringane.

– Vi har vore innom Europaligaen og serieligaen nokre gonger. Det å vere med er ikkje nok lenger, vi ønskjer å gå så langt som mogleg, seier Hestad.

Molde FK på pressekonferanse før spill i Conferense Lauge

Trond Strande, Erling Moe og Eirik Hestad på pressekonferansen før kampen.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Optimistiske supportarar

På ein pub i nærleiken av stadion byrjar Molde-supporterane å samle seg. Det er nokre timar til kampen. Dei er spende, men gler seg. Brørne Sebastian og Kristian Alexander Dahle er dei to yngste blant supporterane.

Dei to kjem frå Oppegård i Akershus, men pappaen deira har vakse opp i Isfjorden. Molde er laget dei heiar på. Og dei følgjer Molde sine bortekampar når sjansen byr seg.

– Det er veldig bra at så mange møter opp her for å støtte laget.

Og sjølv om Legia Warszawa held ein høg standard så er Molde-supporterane forsiktige optimistar før kampen.

Eg forventar at laget går vidare. Vi må ha det som mål, seier Kristian Alexander Dahle.

Molde supportere før europacupkampen mot Legia Warzawa.

Sebastian og Kristian Alexander Dahle har tatt turen til Warszawa saman med faren deira.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Supporterane trur det blir god stemning og fullsett stadion når laget møter Legia Warszawa torsdag kveld. Han som leiar supporterklubben Tornekrattet, Ronny Stamsvik kom til den polske hovudstaden allereie måndag.

– Molde spelar ofte veldig bra mot europeiske lag. Det trur eg dei kjem til å gjere i denne kampen og. Eg gler meg veldig.

Tornekrattets leder, Ronny Stamsvik og supporter Kjetil Malones før europakampen mellom Molde og Legia Warzawa.

Leiaren i supporterklubben Tornekrattet, Ronny Stamsvik, og Kjetil Malones er klar til kamp mot Legia Warszawa

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK